Hopp til innhold

Havarikommisjonen granskar

Statens havarikommisjon for transport har sett i gang gransking av grunnstøytinga ved Årsundøya i Tingvoll måndag.

Lossing av Federal Kivalina

Lossinga av det grunnstøytte skipet kom i gang onsdag kveld.

Foto: Kenneth Dahl, KV Njord

Representantar for kommisjonen har hatt samtalar med besetninga om bord i lasteskipet Federal Kivalina. Skipsloggen og elektronisk informasjon om ferda er også henta inn, og skal gjennomgåast i dagane som kjem.

Framleis manglar kommisjonen ein del informasjon. Blant anna har dei enno ikkje avhøyrt losen som stod på brua då skipet gjekk på grunn.

- Vi har valt å gje han litt meir tid etter at han sjølv bad om det. Vi skal tidlegast møte han om ei veke. Før den tid ønskjer vi ikkje å seie noko om kva årsaka til grunnstøytinga kan vere, seier leiar for undersøkingane, Pål Brennhovd, til NRK Møre og Romsdal.