Hopp til innhold

Havarikommisjonen avslutta i dag

Havarikommisjonen avslutta i dag undersøkingane om bord det brannherja hurtigruteskipet Nordlys. Det har vore ein svært krevjande jobb.

Havariinspektør Elisabeth Juel Ramos

AVSLUTTA: Havarikommisjonen avslutta undersøkingane i dag. No skal funna analyserast.

Foto: NRK

Den siste veka har gått med til å saumfare skipet etter årsak til kvifor det byrja å brenne då skipet segla inn til Ålesund torsdag i førre veke.

Havarikommisjonen avsluttar undersøkingane i dag.

SJÅ TV-INNSLAGET FRÅ 1840-SENDINGA

Omfattande

Jobben Havarikommisjonen har gjort på hurtigruta Nordlys har vore omfattande.

– No har vi vore gjennom dei viktigaste områda om bord i skipet. Vi har vore konsentrert rundt maskinrommet, men vi har òg sett på sløkkjeanlegg og alarmsystem om bord, blant anna, seier havariinspektør Elisabeth Juel Ramos.

Elisabeth Juel Ramos

Havariinspektør Elisabeth Juel Ramos.

Foto: NRK

Det har òg vore krevjande arbeidsforhold for havarikommisjonen. Delar av maskinrommet er utbrent det har vore total strumstand om bord.

– Manglande straumforsyning gjer at det er vanskeleg å hente ut informasjon frå alarmpanel og den slags, fortel Juel Ramos.

SJÅ VIDEO. SLIK SER HURTIGRUTA UT INNVENDIG ETTER BRANNEN:

Video Brannskader inne i MS "Nordlys"

Brannskadar inne i MS 'Nordlys'

Veit ikkje årsaka

Førebels er det for tidleg å seie noko om kvifor brannen oppstod.

– Vi har gjort mange undersøkingar og fått ei god oversikt, men detaljane må vi setje saman når vi får samla det inn, seier havariinspektøren.

No skal Hurtigruteskipet Nordlys setjast i tørrdokk ved Fiskerstrand Verft. Neste veke skal Havarikommisjonen gå byrje å analysere funna for å prøve å finne årsaka til kvifor det byrja å brenne.

Hentar ut kunst

Kunst for millionar av kroner var om bord på hurtigruta då det braut ut brann. No blir det gjort eit omfattande arbeid for å prøve å redde den verdfulle kunstskatten.

SJÅ TV-INNSLAG OM DETTE ARBEIDET HER:

Video Vil redde kunst frå Nordlys

Reddar ut kunst etter brannen på hurtigruteskipet Nordlys.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL