Hopp til innhold

Haugen Bok kun på nett

Haugen Bok i Volda vil satse berre på netthandel og legg ned butikken i Volda etter om lag 50 års drift.

Haugen Bok i Volda.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen. / NRK

Kombinasjonen av tradisjonell bokhandel og nettbokhandel har gjort Haugen Bok i Volda tilgjengeleg for heile landet, men frå nyttår er det slutt. Då er butikken berre å finne på internett.

Haugen bok sin butikk i Volda
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Konkurranse

-Nettbutikken har hatt ei fin og stigande utvikling gjennom mange år, medan butikken i Volda har stagnert, seier Lars-Ove Hammer, dagleg leiar Haugen Bok.

Ei av årsakene er auka konkurranse frå studentbokhandelen ved høgskulen. I tillegg får elevar i vidaregåande skule låne skulebøker gjennom ei ordning der Fylket kjøper inn.

Framleis i Volda

Bokhandelen har vore ein sentral del av sentrumsbildet i snart 50 år. Og sjølv om butikken no vert ein rein nettbutikk vil den framleis vere loklasert i Volda, seier Hammer. Difor vil også dei 20 tilsette behalde arbeidsplassane sine.