Hatløy vert trenar på heiltid

Hovudtrenar i Dimna IL, Arve Hatløy, er engasjert som ein av fem trenarar i landet til Norges Friidrettsforbund si satsing «Profesjonalisering av trenaren». Det inneber at forbundet dekkjer ei deltidsstilling. I tillegg går Dimna IL, Ulstein vidaregåande skule og Møre og Romsdal Friidrettskrets saman om å dekkje opp resten av stillinga slik at Hatløy blir trenar på heiltid.

Arve Hatløy, Dimna IL
Foto: Olaug Bjørneset / NRK