NRK Meny

Hatlaåstunnelen er stengd

Hatlaåstunnelen i Ålesund er stengd frå klokka 18 i dag fredag på grunn av oppgradering. Tunnelen blir stengd heilt fram til kvelden den 20. august, melder Statens vegvesen.

Årsaka til stenginga er at tunnelen skal oppgraderast.

Det er omkøyring via Lerstadvegen og Borgundvegen. I dag fredag klokka 20.00 stengjer også Moa-tunnelen og Blindheim-tunnelen i samband med arbeid. Dei to sistnemnde blir heilt stengde gjennom heile helga.