Mange har latt seg freiste av tilbodet, og ein eldre mann i Sogn og Fjordane ville nytte høvet til å spe på pensjonen. Det fortel koordinator ved høgskulen, Cecilie Wilhelmsen. Ho seier seg lei for feilen som oppstod i utforminga av annonsen. Vedkomande som utforma annonsen hadde svært dårleg tid, og i staden for å skrive "kurs i førebyggande kriminalitet", har han skrive "..førebuande kriminalitet".
Hastverk er lastverk
Høgskulen i Volda annonserer stort i riksavisene - der dei tilbyr noko så spesielt som kurs i førebuande kriminalitet.
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert