Hopp til innhold

Hastevaksinerer 1800 verftsarbeidarar

Talet på sjuke etter eit stort pneumokokkutbrot ved verftet Vard Langsten i Romsdal, aukar. Ei storstilt vaksinering av arbeidarane er i gang. Mellom 18-20 personar har blitt sjuke til no.

Står i kø for å bli vaksinert

STÅR I KØ: Vard har oppretta eigen stasjon på verftet, der alle arbeidarane blir vaksinert.

Foto: Hege Akselvoll / VARD

Dei første tilfella hamna på sjukehus allereie i februar med alvorleg lungebetennelse. Etter kvart såg dei eit mønster i innleggingane, og skjønte at det dreia seg om eit utbrot av bakterien pneumokokk på verftet som ligg i Tomrefjord i Romsdal.

Talet på smitta er no oppe i 18 til 20 personar, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva, ved Ålesund sjukehus.

– Vi veit berre talet på dei som har vore innlagt på sjukehus i Ålesund og i Molde, så det kan vere fleire enn dette som har blitt smitta, seier Longva.

Vard Langsten har starta med massevaksinering av alle dei tilsette, det bekreftar Hege Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i Vard.

– Vi starta med vaksineringa torsdag, og har allereie vaksinert om lag 1300 tilsette. Til saman reknar vi at det kan bli opp mot 1800 vaksinar, seier Akselvoll.

Massevaksinering etter pneumokokkutbrot på Vard

MASSEVAKSINERING: Frå venstre: Turid Nordstrand Rødset (Medi3) tar vaksine på Andeas Vik og André Skjegstad. Begge jobbar på verftet.

Foto: Hege Akselvoll / VARD

Bakterien pneumokokk kan ein person kan bere i årevis, utan å bli sjuk sjølv. Derfor hastar det med å få vaksinert alle, for å hindre vidare spreiing.

– Det er veldig viktig å få gjennomført vaksinasjonen fort, for å hindre at fleire blir sjuke, seier Longva.

Uvanleg situasjon

Det var på tysdag denne veka, at det vart meldt om eit stort pneumokokkubrot på verftet. Eit uvanleg tilfelle, meiner smittevernoverlegen.

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva ved sjukehuset i Ålesund

SMITTEVERNOVERLEGE: Jørn-Åge Longva er ikkje kjend med slike store bakterieutbrot som på Vard Langsten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er veldig uvanleg ja, etter det eg kjenner til har vi ikkje hatt slike tilfelle før, seier Longva.

Samstundes peikar han på at denne typen arbeidsgrupper, som til dømes sveisarar, er ein kjend med høgare smittefare grunna arbeidsforholda.

– Det er vanskeleg å seie kor alvorleg det kunne ha blitt, men potensialet er stort, sidan det har vore opp mot 1800 arbeidarar innom dei siste månadane. Nokon har vore til dels alvorleg sjuk, seier Jørn-Åge Longva.

Vard må punge ut

– Det er ein stor kostnad, heile apparatet og dei tiltaka som blir gjennomført, men det er ikkje fokuset vårt no, seier Akselvoll.

Hege Akselvoll Komunikasjonsdirektør Vard

HASTAR: – ​​​​​​​For å unngå vidare smitte, hastar det for Vard å få på plass vaksinane så fort som mogleg, seier Hege Akselvoll.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vard har no sett opp ein eigen vaksinestasjon på verftet i Tomrefjorden. Dette gjer dei i samarbeid med bedriftshelsetenesta og kommuneoverlegen i Vestnes.

Akselvoll avviser at det er dårlege buforhold til arbeidarane som har ført til smitte.

– Dei tilfella av smitte som har vore registrert så langt, så er det folk som bur på forskjellige plassar, dei har forskjellige nasjonalitetar og jobbar i forskjellige bedrifter, seier Akselvoll.

Alle tilsette som utfører oppdrag på prosjekt ved Vard Langsten får tilbod om vaksine. Akselvoll veit ikkje kva som kunne ha hindra eit slikt utbrot.

– Ifølgje nasjonale retningslinjer er det ikkje krav om vaksinering av tilsette som skal jobbe i Noreg. Ein veit aldri kva for sjukdommar folk har med seg, og ein kan ikkje ha krav om at alle skal ha forskjellige vaksinar til ei kvar tid.