Båten hadde berre ein mobitelefon tilgjengeleg som sambandsmiddel, og mangla godkjent redningsutstyr.
Kom i drift
Den 60 fot lange båten var på veg frå Hareid til Trøndelag for opphogging, og det var to personar ombord då han fekk maskinproblem og kom i drift vest av Kolbeinflua på Hustadvika. Heldigvis var kystvaktskipet KV Andenes berre 40 minutt unna.
Kystvakta seier den hasardiøse seglasen kunne fått eit dramatisk utfall. Båten har fått seglingsforbod, og er brakt inn til Bud.