Hopp til innhold

Hareide møtte kraftig motstand på Vestlandet: – Å felle Erna gir uana konsekvensar

ÅLESUND (NRK): Knut Arild Hareide fekk klar beskjed i den gamle KrF-bastionen Møre og Romsdal: Han må ikkje felle Erna Solberg si regjering.

Kjell Furnes

KRF-VETERAN: Kjell Furnes frå Giske var fylkesordførar mellom 1976 og 1983 og har også vore på Stortinget. Han er ein av fleire i Møre og Romsdal som går sterkt imot ei regjering med Sp og Ap.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er ikkje greitt å felle den borgarlege regjeringa. Det vil gi konsekvensar vi ikkje ser i dag, er beskjeden frå Åge Vikestrand, leiar i Nye Ålesund KrF.

Vikestrand var ein av fleire som møtte opp då partileiar Knut Arild Hareide gjesta KrF sitt fylkeslag i Ålesund tysdag kveld.

Svært mange av medlemmane i Møre og Romsdal går sterkt imot at KrF skal felle dagens regjering for å gå inn i eit samarbeid med Ap og Sp.

– Eg trur KrF må finne ei løysing med dagens regjering. Eg reiser mykje rundt og veit at eit regjeringsskifte no vil bli svært dårleg motteke, seier Kjell Furnes, tidlegare stortingsrepresentant og fylkesordførar (1976-1983).

Hareide i Ålesund

I VINDEN: Olaug Bollestad og ikkje minst Knut Arild Hareide vart møtt av eit stort pressekorps før møtet i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Blir ikkje forstått her

I denne perioden har KrF berre ein representant frå Møre og Romsdal på Stortinget. Men tradisjonelt er dette fylket ein KrF-bastion. Møre og Romsdal KrF har hatt heile tre representantar på Stortinget tidlegare.

Det var også dette fylket KrF sin førre statsminister Kjell Magne Bondevik kom frå.

Men medan Bondevik er positivt innstilt til planane om ei Ap-Sp-KrF-regjering, er stemninga annleis blant mange i fylkespartiet no.

– Det blir eit kjempeproblem for partiet om vi feller Erna Solberg, meiner Knut Støbakk.

Han er gruppeleiar på fylkestinget og var ordførar då Giske vart beste KrF-kommune i landet under vala i 2007 og 2011.

– Det kjem ikkje til å bli forstått her på Sunnmøre om Hareide feller ho. Då blir det vanskeleg å drive valkamp neste år, utdjupar Støbakk.

Knut Støbakk

KLART IMOT: KrF sin gruppeleiar på Stortinget, Knut Støbakk.

Foto: Trond Vestre / NRK

Hareide er optimist

2. november skal KrF finne ut kva retning dei går i.

I det høvet er Knut Arild Hareide og partileiinga på rundreise rundt om til fleire fylkeslag.

Partileiinga var representerte ved leiar Knut Arild Hareide og nestleiar Olaug Bollestad då ferda gjekk til Ålesund.

– Vi peikte på Erna Solberg under den føresetnaden at ho skulle velje sentrum og ikkje Framstegspartiet. Likevel var det ikkje naturleg for oss å felle regjeringa rett etter valet i fjor, sa Knut Arild Hareide før han gjekk inn i møtelokala.

Etter møtet sa Hareide at han opplevde meir støtte under møtet enn han hadde rekna med.

– Her er ulike syn. Men eg reiser frå Ålesund som optimist, fortel partileiaren.

Hareide og Bollestad

STRÅLTE: Olaug Bollestad og Knut Arild Hareide var i godt humør før møtet i Ålesund.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Eit splitta parti

Etter at Hareide i slutten av september varsla at han sjølv vil forhandle med Ap og Sp om ei ny regjering viste ei NRK-undersøking at 99 lokallagsleiarar sa nei til ei slik løysing, medan 82 sa ja.

KrF har sidan også fått mange nye medlemmer, men turneen til Hareide og partileiinga så langt har vist at mange sterke krefter talar sterkt imot eit samarbeid med Ap og Sp.

Det gjeld ikkje minst på Sørlandet.

Men i Sogn og Fjordane er dei fleste for ei Jonas Gahr Støre-leia regjering. Det gjeld også mange i Trøndelag.

KrF-møte i Ålesund

LUKKA: Møtet som starta i Ålesund litt etter klokka 18.30 vart halde utan at media fekk vere med.

Foto: Allan Eikrem / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL