Hopp til innhold

Hareide landslagssjef for Sverige?

Malmö-trenaren Åge Hareide er ikkje framand for tanken om å erstatte den svenske landslagssjefen Erik Hamrén.

Åge Hareide

Åge Hareide blir lansert som erstattar for Erik Hamrén som landslagssjef for Sverige.

Foto: Drago Prvulovic/TT / NTB scanpix

I førre veke vart Åge Hareide lansert som ein av kandidatane til å overta det danske landslaget etter Morten Olsen. Etter Sverige sitt 1-4-tap mot Østerrike, vert sunnmøringen lansert som ein mogleg erstattar for Erik Hamrén.

Ikkje avvisande

– Det hadde vore ei ære å bli spurt, seier Åge Hareide til avisa Sydsvenskan.

Trenaren har hatt suksess i Malmö og har tidlegare uttalt at det skal noko til for å lokke han vekk frå klubben.

No seier fleire ekspertar at dei skulle ha likt å sjå Hareide som landsslagssjef for Sverige og også spelselskapa nemner 61-åringen som Hamrén-erstattar.

Hareide seier sjølv til den svenske avisa at han ikkje er avvisande til tanken.

– Eg ville ha sett meg ned og vurdert det uansett kva land som eventuelt skulle spørje meg, seier Hareide.