Tysdag fekk Hareide og regjeringskollega Linda Hofstad Helleland (H) oppleve ferjefylket Møre og Romsdal.
Etter ein tretten minutts lang ferjetur endte dei opp på øya Gossen på Romsdalskysten. Ei øy der ein er avhengig av ferje for å komme seg til fastlandet.
Fryktar fråflytting
– Vi har hatt fleire som har flytta frå øya og etablert seg på fastlandet. Det fører til at det blir mindre og mindre som skjer her på øya, seier Atle Husøy, som bur på Gossen.
Han er ein av mange som fryktar at dyre ferjebillettar fører til fråflytting frå øyane som er avhengige av ferje.
– Ferjeprisane påverkar mange, seier Husøy.
AUKRA: På øya Gossen, også kalla Aukra, har pensjonistar samla seg for ein kaffi. Dei merker konsekvensane av dei høge ferjeprisane.
Foto: Hans Olav Landsverk / NRKLangs heile kysten er det stor frustrasjon over auka ferjeprisar. Pendlarar må betale mange tusen kroner ekstra i året for å kome seg på jobb, medan næringslivet har skyhøge ferjeutgifter.
På øya Dønna i Nordland har også fleire vurdert å flytte, fordi det rett og slett blir for dyrt og pendle til jobb på fastlandet.
Ekteparet Hjulset har begge jobb på Gossen, og pendlar ut til øya frå fastlandet.
– På grunn av forskjellige arbeidstider så må vi bruke kvar vår bil når vi skal på jobb, det blir dyrt, seier Trond Erik Hjulset.
Med den nye takstauken må dei betale om lag 60 000 kroner i året.
FERJEOPPRØRET: Dei to ferske statsrådane tok ferja ut til Aukra for å sjå kva for konsekvensar prisauken på ferjene har for bedrifter og lokalbefolkninga.
Foto: Hans Olav Landsverk / NRK– Vi har tenkt tanken om å sjå etter arbeid andre plassar, men vi trivst godt på øya her begge to, så enn så lenge ønskjer vi å bli verande her, seier han.
Distrikts- og digitaliseringminister Linda Hofstad Helleland seier det skal vere mogleg å pendle i Noreg.
– Regjeringa ønskjer at folk skal kunne bu og jobbe i distrikta, då må det vere mogleg å pendle utan for store kostnadar, seier ho.
På den same øya ligg også fiskefordelingsanlegget Vikenco. Dei er avhengig av ferje for å ta i mot, og frakte fisk.
– Vi må no betale to millionar kronar meir i ferjeutgifter, det fører til at vi stiller dårlegare i konkurransen med andre bedrifter, seier Per Olav Mevold, direktør i Vikenco.
Vil finne ei løysing
Ferjeprisane har enkelte stader i landet auka med nærare 40 prosent. Grunnen skuldast blant anna innføring av autopass og el-ferjer, begge deler tiltak regjeringa har etterspurt. Erna Solberg har tidlegare sagt til NRK at ho no vil sjå på utrekningane som vart gjort for budsjettet i 2018, og om det er aktuelt å gi meir pengar til ferjedrift i fylka.
Samferdselsministeren ønskjer no å finne ei løysing på problemet.
– Vi ønskjer at folk skal bu i distrikta, her blir det skapt enorme verdiar. Og når ei slik kostnadsauke fører til at familiar og bedrifter vurderer å flytte meir sentralt, så må vi sjå på kva vi kan få gjort med denne problemstillinga, seier Hareide.
SVELE: Det er obligatorisk med svele når du reiser med ferje på Vestlandet.
Foto: Hans Olav Landsverk / NRKHan har i dag sett kva for konsekvensar auka ferjeprisar gir, han meiner det er uheldig for Noreg at folk vel å flytte frå distrikta på grunn av ferjeprisane.
– Eg vil at vi saman med fylkeskommunane kan kome fram til ei løysing på problemet, seier han.