Hopp til innhold

Hareide er optimist

Før møtet i Møre og Romsdal KrF i Ålesund i kveld sa fleire partimedlemmar at Knut Arild Hareide må legge vekk planane sine om ei regjering med Ap og Sp. Men etter det lukka møtet fortalde Hareide at han opplevde meir støtte under møtet enn han hadde rekna med. – Her er ulike syn. Men eg reiser frå Ålesund som optimist, fortel partileiaren.

Hareide i Ålesund
Foto: Allan Eikrem / NRK