Hopp til innhold

Hareid vedtok fotballhall

Kommunestyret i Hareid har vedteke realiseringa av ein innandørs fotballhall. Rådmannen bad kommunestyret om å droppe hallen etter at prisen hadde kome opp i 36,3 millionar kroner. Men politikarane har gått for ei rimelegare løysing til 24,6 millionar kroner. Det melder Vikebladet Vestposten.