Hopp til innhold

– No kan vi byrje på nytt og sjå framover

I 14 år har Hareid kommune sine låneopptak vore under statleg kontroll. No kan kommunen endeleg stå på eigne bein.

Anders Riise

Ordførar i Hareid, Anders Riise (H), og kommunestyret hans får eit heilt anna spelerom no når kommunen er ute av ROBEK-lista.

Foto: Trond Vestre / NRK

Er ein kommune i økonomisk ubalanse, kan den hamne på ROBEK-lista, altså under statleg kontroll. Hareid er den kommunen i Møre og Romsdal som har vore lengst på Robek-lista og ordførar Anders Riise (H) seier dei har jobba hardt for å no endeleg kunne kome seg ut.

– Det betyr veldig mykje både for økonomien og for politikarar og tilsette at vi no har kome i ein ny situasjon.

– Ikkje bekymra for at det skal rakne

I 14 år har Hareid kommune vore under tilsyn av Fylkesmannen som har godkjent alle låneopptak. No blir situasjonen ein heilt annan.

Hareid rådhus

Når kommunepolitikarane møtast i rådhuset på Hareid framover kan dei stå mykje friare enn dei har gjort før.

Foto: Trond Vestre / NRK

– No kan vi byrje på nytt og sjå framover, seier Riise.


Ifølgje Hareid-ordføraren er det eit investeringsbehov i kommunen i tida som kjem, men dei må halde orden på utgiftene.

– Ja, og det føler vi at vi har. Vi har no fått inn gode system og gode rutinar, så eg er ikkje så bekymra for at det skal rakne.

– No er det opp til oss politikarane å ikkje gjere for store investeringar eller legge meir på drifta enn det som er forsvarleg.

Vil ha alle ut av ROBEK

Hareid kommune er berre ein av kommunane som no har kome seg ut av ROBEK-lista. Heile seks av ti ROBEK-kommunar i Møre og Romsdal har kome seg ut av lista, og det gjer fylket betre rusta, meiner assisterande fylkesmann Rigmor Brøste.

Rigmor Brøste

Assisterande fylkesmann, Rigmor Brøste, er fornøgd med at fire av seks ROBEK-kommunar i Møre og Romsdal er ute av lista, men håper at også dei andre kjem etter.

Foto: Fylkesmannen

– Det betyr veldig mykje for Møre og Romsdal. Då slepp kommunane som har vore på ROBEK å konsentrere seg om berre kutt og innsparingar. Ein kan løfte blikket meir og jobbe med samfunnsutviklling.

Kommunane som står att på lista no er Ålesund, Giske, Stranda og Sande. Brøste meiner det er særleg viktig å få Ålesund ut av ROBEK, men at helst alle fire kommunane bør stå på eigne bein når regionreformen trer i kraft.

– Når vi no får regionreformen, så blir Møre og Romsdal ein av dei minste regionane. Då er det om å gjere å ikkje ha nokon kommunar på ROBEK-lista, for då må vi saman jobbe veldig godt med samfunnsutvikling for vår del av landet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL