NRK Meny

Hareid i dialog med Ulstein

Eit knapt fleirtal i kommunestyret i Hareid ønskjer å gå i dialog med Ulstein om samanslåing. Vedtaket blei gjort med 11 mot 10 røyster. Frå før har kommunestyret i Ulstein gjort eit liknande vedtak. Hareid og Ulstein går i dialog etter at avtalen om å slå saman alle kommunane på ytre søre Sunnmøre blei vraka. Fylkesmannen har gitt dei to kommunane utvida frist til 1.september.