NRK Meny
Normal

Hareid får ikkje lov til å hjelpe

Fylkesmannen har nekta Hareid kommune å stille økonomiske garantiar til Ishavsmuseet på 1,5 millionar kroner.

Ishavsmuseet Brandal

Ishavsmuseet får ikkje hjelp frå Hareid kommune.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Pengane skulle brukast til å kjøpe eit bygg der museet skulle ha kontor og lagerplass.

Årsaka til at Hareid ikkje får lov å hjelpe museet, er at kommunen er ført opp på Robeklista. Difor må Fylkesmannen godkjenne alle økonomiske disposisjonar som kommune gjer.

–Kommunen har hatt ein intensjon om å støtte opp om Ishavsmuseet slik at dei får best mogleg drift. At Fylkesmannen no konkluderer med at Hareid kommune er i ein slik situasjon at ein ikkje bør innlate seg på økonomiske garantiar til ikkje lovpålagde oppgåver må vi akseptere det, sjølv om vi ynskjer å hjelpe museet.

Må sjå etter andre støttespelarar

Anders Riise

Anders Rise er ordførar i Hareid

Foto: Terje Reite / NRK

Hareid kommune har vore på Robeklisten fleire gonger. Blant anna samanhengande frå 2001 til 2009. I 2011 blei kommunen nok ein gong ført på lista over kommunar som ikkje har orden på økonomien, og underlagt statleg kontroll.

For Ishavsmuseet betyr dette at dei må sjå etter andre støttespelarar, seier dagleg leiar Webjørn Landmark.

–Det betyr at vi må ut i marknaden for å søke andre samarbeidspartnarar etter tilsvarande lån. Det betyr at prosjektet blir litt forseinka.

I februar i år sa eit samrøystes kommunestyre ja til å hjelpe Ishavsmuseet med å kjøpe nye kontorlokale. Ordførar Anders Rise seier seg lei for at dei no ikkje får hjelpe museet.

–Vi har ikkje anledning til å bidra med pengar, men vi må sette oss ned å sjå om vi kan bidra til Ishavsmuseet på andre måtar, seier ordføraren.