NRK Meny

Hareid-drapet: Dømt for falsk forklaring

Mannen som budde i husværet der Sami Milhem blei drepen i august i fjor, er dømt til tretti dagars fengsel for falsk forklaring.

Avsperringsteip utanfor huset i Hareid der ein mann vart drepen 8. august

Politiet sine teknikarar på plass ved husværet. No er mannen som budde der dømt for falsk forklaring.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Artikkelen er mer enn to år gammel.

I to politiavhøyr nekta mannen for at han hadde hatt besøk av den no drapssikta 23-åringen den dagen drapet fann stad. I tingretten vedgjekk han at dette var feil.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Milhem blei funnen drepen i huset 8. august i fjor. Mannen som seinare blei sikta i saka blei pågripen etter kort tid.

Avhøyra fann stad drapsdagen og dagen etter. Mannen sa i retten at han var i sjokk etter å ha høyrt om drapet og at han difor forklarte seg usant for politiet.

Drapet i Hareid

Forklarte seg om besøk

I retten har mannen forklart seg om hendingane om morgonen 8. august. Han hadde det travelt og skulle nå ein buss. Han fortel at han slapp den no drapssikta 23-åringen inn i huset, der Milhem låg og sov. Sjølv forlèt han huset saman med ein annan kamerat.

Då han kom heim nokre timar seinare, var politiet på plass ved huset. Han blei då fortalt om drapet og frykta at han skulle bli trekt inn i saka.

I retten sa han seg skuldig i å ha gitt politiet falsk forklaring om desse hendingane og han er altså dømt til fengesel i tretti dagar. Dommen er i tråd med påstanden frå aktor.

Rettssak måndag

Det brutale drapet førte til ei omfattande etterforsking leia av Sunnmøre politidistrikt. Heile 27 etterforskarar frå distriktet og 9 teknikarar frå Kripos.

Måndag 16. mars må 23-åringen som er sikta for drapet møte i Sunnmøre tingrett. Det er sett av fem dagar i retten.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.