Hopp til innhold

Marie Elise (7) fekk to pusar påkøyrde på ein månad – ingen melde ifrå

Hardt skadde kjæledyr blir liggande i vegkanten å lide, mot norsk lov. – Kattar blir handterte på måtar me ikkje ville godtatt om det gjaldt hundar, seier Dyrebeskyttelsen.

Marie Elise (7) mista to katter

DEN GONG: Marie Elise Heinonen og katten hennar Simba, som ho seinare fann påkøyrd i vegkanten.

Foto: Privat

Sju år gamle Marie Elise Heinonen skunda seg ut husdøra på veg til ferietur, da ho høyrde lydar frå vegkanten i nabolaget. Der låg katten hennar Simba (10) og skreik med knuste bakbein.

– Ho fekk jo sjokk. Simba forsøkte å komme seg opp av grøfta med frambeina, men klarte ikkje lee seg. Du såg at han hadde veldig vondt, seier mamma Ingrid Heinonen.

Sjuåringen var med til dyrlegen for å avlive katten ho var så glad i.

Simba (10) død

AVLIVA: Marie Elise var med den tunge turen til dyrlegen med katten Simba, etter han vart påkøyrd og hardt skada.

Familien er ikkje åleine om å ha mista kjæledyra sine i trafikken. Under eit innlegg på Facebooksida «Dyr som er funnet/savnet - Møre og Romsdal» kommenterer fleire at dei har opplevd det same. Mange reagerer også på at folk let påkøyrde dyr ligge igjen skadde i vegkanten.

Fleire andre har opplevd at kattane deira blir påkjørt og liggande i vegkanten, utan at nokon seier ifrå.

OPPLEVD DET SAME: På Facebookgruppa «Dyr som er funnet/savnet - Møre og Romsdal» skriv fleire at dei har opplevd at kattane deira er påkøyrde, utan at nokon melder frå.

Foto: Montasje av skjermdumpar frå Facebook

Kattar har låg status

Det blir ikkje ført offisiell statistikk, men det er anslått at 400–600 kattar og hundar blir drepne eller skadde i trafikken kvart år. Altså mellom ein og to kvar einaste dag.

Dyrebeskyttelsen Norge får stadig inn meldingar om skadde kattar som har blitt etterlatne.

Annette Bjørndalen Søreide

ULIK PRAKSIS: Annette Søreide i Dyrebeskyttelsen Norge meiner kattar blir handterte på måtar me ikkje ville godteke om det gjaldt hundar.

Foto: Fotograf Håvard Storvestre

– Me merkar at kattar har låg status i det norske samfunnet, og at kattar blir handterte på måtar me ikkje ville godteke om det gjaldt hundar, seier Annette Søreide i Dyrebeskyttelsen.

Dei har nyleg klaga inn politiet for deira behandling av ein påkøyrd katt i Kongsvinger.

– Ein innringar hadde fått beskjed av politiet om å putte katten i ein pose og kaste den i matavfallet. Enda katten var ID-merka og politiet kunne ha tatt kontakt med eigaren av dyret, hevdar Søreide.

Sør-Aust politidistrikt har ikkje behandla klaga endå, og vil ikkje kommentere den før det er gjort.

– Heilt ulovleg å køyre ifrå

Det er veterinær Siri Martinsen i Noah einig i. Ho meiner at kattar er ekstra utsette for både mishandling og viljeskading - og for å bli påkøyrde.

Siri Martinsen, leder i NOAH For dyrs rettigheter.

EKSTRA UTSETT: Siri Martinsen i Noah seier kattar som blir påkøyrde kan bli liggande i fleire timar med store smerter.

Foto: Bente Isfjær / NOAH


– Det kan vere veldig, veldig store lidingar. Brekte bein og indre skader, der dyra kan bli liggjande i timevis, fortel Martinsen.

Lova om dyrevelferd slår klart fast at ein har plikt til å hjelpe eller melde frå når ein ser skadde dyr.

– Og når ein sjølv er årsaka til skada er plikta skjerpa. Det er heilt ulovleg å køyre frå i slike tilfelle. Då må ein anten få tak i eigar eller varsle politiet på 02800, seier Martinsen.

Verste påkøyrsla dyrlegen hadde sett

Ein månad etter at sju år gamle Marie Elise Heinonen var vitne til at dyrlegen avliva katten ho var så glad i, skjedde det same igjen.

Ein laurdagsmorgon i august fekk familien telefon frå ein i nabolaget. Deira andre katt, Gulpus (5), var også blitt påkøyrd.

– Katten skreik og klarte ikkje å lee på seg. Dyrlegen sa at det var den verste påkøyrsla ho hadde sett på ein katt. Alt var knust frå midten og bak, fortel Ingrid Heinonen.

Gulpus lever ikkje lenger

GULPUS: Matmor er usikker på om den andre katten deira, Gulpus, blei påkøyrd med vilje.

Foto: Privat

Ho kan ikkje forstå korleis så alvorlege påkøyrsler kan skje i ei 30-sone i eit bustadfelt.

– Trur du nokon har gjort det med vilje?

– Det første tilfellet med Simba var nok tilfeldig, men ved Gulpus er eg meir usikker. Han var veldig flink til å halde seg i kanten og i grøfta. Det kan jo vere fort gjort å køyre på ein katt. Men det at dei har blitt etterlatne gjer oss så skuffa og forbanna, seier Heinonen.

Mista to kattepuser på ein månad

TO KATTAR: Ingrid Heinonen skreiv om dei to kattane som vart påkøyrde, på ei Facebookgruppe for sakna kjæledyr. Fleire andre i gruppa hadde opplevd likande med sine kattar.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Ungane hennar kan i dag framleis grine over dei påkøyrde kattane.

– Kva vil du seie til dei som køyrer på ein katt?

– Ver så snill å seie ifrå, ring på hos ein nabo og spør, eller ta med katten til dyrlege så han kan få hjelp.