NRK Meny
Normal

Hardt skadd etter ulukke i Molde

Ein person er sendt til sjukehus med alvorlege skadar etter ei trafikkulukke på Røbekk i Molde i ettermiddag. Det opplyser politiet.

Laster kart, vennligst vent...

Ein personbil og ein lastebil kolliderte front mot front like før klokka 16 onsdag ettermiddag.

Det opplyser politiet i Nordmøre og Romsdal

Føraren av den eine bilen blei sendt til St.Olavs hospital med alvorlege skadar. Den andre sjåføren blei sendt til sjukehus for sjekk.

Kollisjonen førte til store køar i området ein periode etter ulukka.