Hopp til innhold

Haramsøy til finalen i Klassequizen

Haramsøy klarte det. Dei gjekk til finalen i Klassequizen. Sjå den spennande semifinalen her.

Haramsøy Klassequizen 2017

Haramsøy gjorde ein kjempeinnsats i semifinalen i Klassequizen. Dermed skal dei representere Møre og Romsdal i finalen laurdag 27. mai.

Foto: Henriette Mordt / NRK

Laget frå Haramsøy skjønte at dei låg ganske bra an gjennom semifinalen. Men dei var slett ikkje sikre på at dei hadde svart rett på alt. Og dei ante ingenting om korleis dei låg an i forhold til dei andre laga.

Dermed vart det stor jubel og glede då det blei klart at Haramsøy faktisk var klar for finalen. Sjå den spennande semifinalen her.

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner 27. mai. (2:3)

Her kan du sjå heile semifinalen og korleis Haramsøy svarte på spørsmåla dei fekk.

Mot slutten av semifinalen kom det fram at to lag måtte ut i omkamp. Då programleiaren leste opp namna på dei to laga, og Haramsøy ikkje var blant dei, trudde Håkon Farstad Brekke at Møre og Romsdal var ute av kampen.

– Då trudde eg at vi ikkje hadde sjans. Men så såg eg reaksjonane til faglæraren vår. Vi på laget hadde ikkje fått fulgt med på poenga, men det hadde publikum i salen. Og jubelen til faglæraren var ikkje til å ta feil av, seier Håkon Farstad Brekke til NRK etter semifinalen.

Laget frå Haramsøy svarte riktig på mange spørsmål. Dei følgte dei hang godt med i store deler av sendinga. Men dei skjønte også at dei kanskje ikkje hadde svart heilt presist på alle svar, og dei blei usikre på kva som blei godteke eller ikkje.

– Og vi visste at det var mange glupingar på dei andre laga også. Og deltakarane på dei andre laga såg så fornøgde ut, så vi følte oss slett ikkje sikre mens konkurransen pågjekk.

Men Haramsy, som representerte Møre og Romsdal i semifinalen, klarte seg godt, og er no klare for den store finalen neste helg.

– Då blei det feiring. Vi tok trikken ned i sentrum og feira med pizza. Målet vårt var å ikkje kome sist. Og vi kom altså til finalen, seier ein glad Håkon Farstad Brekke.

No gjenstår det berre å sjå korleis det går i finalen. Kanskje går laget frå Haramsøy heilt til topps..

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner. (3:3)

Her kan du sjå finalen i Klassequizen frå laurdag 27. mai klokka 19.55.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL