NRK Meny
Normal

Haram satsar på norskopplæring for innvandrarar

I Haram utgjer innvandrarane over 14 prosent av befolkninga. No vil dei styrkje norskopplæringa og auke tenestetilbodet for å halde på innvandrarane.

Therese Breen Brudevoll

Therese Breen Brudevoll meiner det er viktig å styrke norskopplæringa og aukar tenestetilbodet for å behalde arbeidsinnvandrarane.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / nrk

Talet på innvandrarar i Haram har auka frå 400 til 1400 i løpet av dei siste ti åra. I dag bur det arbeidsinnvandrarar frå 61 forskjellige nasjonar i kommunen. Dei fleste kjem frå Polen og er arbeidsinnvandrar til den maritime industrien.

– Arbeidsinnvandrarane er svært viktige for oss. 46 % av sysselsettinga i Haram er industribassert. Vi har behov for både arbeidskraft og kompetanse, spesielt innanfor den maritime næringa, seier Therese Breen Brudevoll, i Haram Næring og Innovasjonsforum.

Ei undersøking gjort av NIBR (Norsk Institutt for By- og Regionforsking) viser at ein av grunnen til at innvandrarar flyttar til Haram er på grunn av arbeid. Haram har difor valt å satse på norskopplæring, blant anna for å kunne halde på dei arbeidsinnvandrarane som kjem til kommunen.

Viktig ressurs for kommunen

Rapporten frå NIBR viser også at mange av arbeidsinnvandrarane har dårlege kunnskapar i norsk, og at det er ein av faktorane som hindrar dei i å delta i frivillige lag og organisasjonar.

– Mange har etablert seg med familie og bustad, og vi vil gjerne at dei skal bli her sjølv om arbeidsmarknaden har stramma seg til for enkelte bransjar, seier Brudevoll.

Kommunen meiner difor at det er viktig å styrke norskopplæringa og auke tenestetilbodet for å behalde arbeidsinnvandrarane.

– Innvandrarane er ein viktig ressurs for lokalsamfunnet, og vi skal prøve å tilby eit tilrettelagt tilbod for alle som bur her, seier Brudevoll.

Språkopplæring er nøkkelen til alt

Andrea Gergelyova, er innvandrar frå Slovakia, har budd i Haram i ni år. Ho meiner det er positivt at kommunen vel å styrke norskopplæringa for innvandrar.

– Eg er ikkje i tvil om at gode norskkunnskapar bidreg til integrering, medan dårlege norskkunnskap hindrar det, seier ho.

Gergelyova syntest kommunen har vore flinke til å gjennomføre tiltak for å betre integreringa av arbeidsinnvandrarane som bur i Haram.

– Haram har jobba med denne problematikken på fleire nivå, og det gir enno betre effekt. Det har også blitt satsa på eit samarbeid mellom kommunen, frivillige organisasjonar og næringslivet, seier ho.

Gergelyova meiner at god språkopplæring er nøkkelen til alt.

– Eg trur dei haldningane og innstillingane kvar enkelte har er avgjerande for om dei trivst i lokalsamfunnet. Det er i stor grad opp til kvar enkelt kor raskt ein blir integrert, men det å lære seg norsk tidleg er viktig, seier Gergelyova.