NRK Meny
Normal

Haram-ordføraren: Svært skuffa over tvangsbruken. Vonar samanslåing blir løyst opp

Eit overveldande fleirtal av innbyggjarane i Haram sa nei til å slå seg saman med nabokommunane til ein storkommune. No ser det ut til at Haram blir tvangssamanslått med Stor-Ålesund.

Brattvåg

Det kan bli slutt på Brattvåg som kommunesenter. Haram kommune står på lista over kommunar som kan bli slått saman med tvang.

Det er innspurt i den lange striden om kommunereforma, og det har vore ei rekkje møte på Stortinget i dag. Og det er partiet Venstre som sikrar fleirtal for at minst ti norske kommunar blir samanslått med tvang.

Ein av desse kommunane er Haram. Under avrøystinga hausten 2016 sa innbyggjarane i Haram klart nei til å slå seg saman med naboane.

– Venstre ofra kommunane

Men i sør ønskjer byen Ålesund å slå seg saman med svært mange naboar. Og den viktige brikka i dette spelet er at kommunen Sandøy også sa ja til å slå seg saman med Ålesund. Haram kunne dermed bli ein kile mellom Ålesund og Sandøy, og syte for at Ålesund og Sandøy ikkje blei eitt, felles, geografisk område.

Vebjørn Krogsæter

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp) er svært skuffa over det som kom fram tysdag kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg er veldig skuffa over prosessen som regjeringspartia har køyrd her. Vi skulle ha ein kommunereform som skulle vere grunnlagt på lokaldemokratiske avgjerder. Så opplever vi at Venstre sel lokaldemokratiet for å få gjennomslag for ei regionreform som verkar meiningslaus, utan oppgåver og innhald. Resultatet er at Venstre får behalde regionane. Då har dei ofra nokre av kommunane, seier ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp) til NRK.

Dette er kommunane på lista

Etter det NRK kjenner til er det desse kommunane som står på lista over kommunar som kan bli slått saman.

  • Søgne: Saman med Kristiansand og Songdalen.
  • Haram: Med Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog
  • Fet: Med Skedsmo og Sørum.
  • Lindesnes: Med Mandal og Marnardal
  • Evenes: Med Narvik, Ballangen og Tysfjord.
  • Vikna, Bindal og Leka: Med Nærøy
  • Spydeberg. Med Askim og Hobøl.
  • Leikanger og Balestrand: Med Sogndal
  • Ørland. Saman med Bjugn.

– Bak lukka dører

Krogsæter hevdar innspurten av kommunereforma er køyrt gjennom som eit kompromiss bak lukka dører. Under møta tysdag ettermiddag og kveld vart det igjen stadfesta at Venstre støtta regjeringspartia, medan KrF sa nei.

– Dette har ikkje skjedd i stortingssalen, så eg er svært skuffa, seier han.

Krogsæter avviser at slaget om å få behalde Haram som eigen kommune er tapt. Han viser til at det skal vere eit stortingsval. Dette kan endre maktforholda i Stortinget.

Arbeidarpartiet har sagt at dei kan kome til å løyse dette opp att. Det same har Senterpartiet sagt. Det er sannsynleg at tvangssamanslåingar blir oppløyst etter neste stortingsval, seier Krogsæter.

Krogsæter seier det slett ikkje er usannsynleg at Haram kommune vil be om å få bli eigen kommune att om makttilhøva på Stortinget endrar seg i samband med valet.

– Vi må tenkje oss om og diskutere. Det er framleis tid att til Stortinget skal vedta dette. Vi kan bruke denne tida til å kome med opplysningar i saka. Det må ha vore berre éi side som har informert partia som står bak regjeringa. Det er ubegripeleg at Haram, som einaste kommune i Møre og Romsdal, skal bli samanslått med tvang, seier Krogsæter.

– Held ikkje vatn

Krogsæter viser til at fleire av kommunane som skal inn i Stor-Ålesund står på den såkalla ROBEK-lista over kommunar med svært utfordrande økonomi. Han viser også til at kommunen som utløyse tvangssamanslåinga, Sandøy, ligg 40 minutt unna kommunesenteret i Haram med ferje.

– Dette held ikkje vatn på nokon som helst måte. 80 prosent av innbyggjarane sa nei. Dette blir eventuelt ein svært dårleg måte å kome inn i eit samarbeid på, seier Krogsæter.