Hopp til innhold

Stor kostnadssprekk gjer at Haram må vente

Kostnadssprekken på Haram vidaregåande skule blir så stor at at Utdanningsutvalet i fylket sett rehabiliteringa av skulen på vent. Rektor er overraska.

Haram vidaregåande skule

Haram vidaregåande skule ligg i Brattvåg.

Foto: HVS

Jan Magne Helland

Rektor Jan Magne Helland er skuffa og overraska.

Fylkestinget har sagt ja til ein kostnad på 66 million, medan anbodet viser 86 millionar. Oerskridinga på 20 millionar kroner ville ikkje politikarane godkjenne. Dei vil få ned prisen slik at den samsvarar med løyvinga.

– Dersom dette vedtaket står seg, vil det gå eitt til to år før vi kan starte på rehabiliteringa, seier fylkesutdanningssjef Sverre Hollen.

Skuffa og overraska

Rektor Jan Magne Helland er både skuffa og overraska over vedtaket. Det er nemleg berre ei drøy veke sidan plannemda kom til motsett konklusjon og rådde til at dei nye kostnadene vart godkjende.

– Dei ga signal om at det hastar å sette i gong rehabiliteringa og at vi ikkje kan vente, seier Helland.

Treng meir plass

Etter planen skal det byggast nye lokaler for helse-og omsorgelevane. Skulen manglar også samtalerom, har for lite plass til lærarane, for lite bibliotek og teorirom.

– Vi har blitt lovt at dette skulle kome på plass. Kostnadsoverskridingane er utanfor vår kontroll. Det er ekspertar som tar seg av planarbeidet, seier Helland.

Han er kritisk til at politikarane ikkje løyver midlar til skular i utkantane.

– Skulen har i dei siste åra hatt ein positiv auke i elevtalet og levert gode resultat, men vi er no bekymra over framtida etter den siste snuoperasjonen., seier Helland.