Hopp til innhold

Har veskene full av Kristiansund

Designer Birgit Radmann føler at ho gir vekk ein del av hovudet og hjartet sitt til kunden når ho sel ei vare. I Kristiansund fann ho inspirasjonen til sin nye veskekollisjon.

Kristiansundveske

Denne veska viser gamle Kristiansund med Grand hotell i bakgrunnen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Draumen om å designe kle og vesker, og å kunne leve av å sy. Draumen om å få bu ved havet, og nært norsk natur. Alle desse gjekk i oppfylling då mannen til Birgit Radmann fekk seg jobb i Kristiansund for seks år sidan.

Kristiansundveske

Denne veska har allereie fått ein ny eigar.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Vi hadde alltid tenkt på å flytte til Noreg, det er eit kjempefint land med mykje natur. Og om ein ønskjer noko så må ein prøve, ellers kan ein ende opp med å angre, seier Radmann med eit smil.

Familien flytta så frå Tyskland til Kristiansund, der Radmann no lever ut lidenskapen sin for design og mote.

– Kvar gang eg sel noko eg har laga så gir eg samtidig vekk ein del av hovudet og hjartet mitt til kunden, seier ho.

Har latt seg inspirerer av Kristiansund

No kan ein sjå vesker og klede som Radmann har laga utstilt i Nordic Light sine lokale i Kristiansund.

Birgit Radmann

Birgit Radmann flytta til Kristiansund for seks år sidan og har valt å satse på lidenskapen sin for design.

Foto: Ingunn Strand

– Eg er veldig glad for at eg kan stille ut det eg har laga her, seier Radmann.

Ideen til veskene fekk ho då ho oppdaga at Kristiansund stod føre eit 275-årsjubileum. På veskene kan ein sjå bilete frå tidleg 1900-talet. Gamle trehus, byen og søndagskledde folk er blant motiva på bileta. Og bak kvar unike veske ligg det også mykje tanke og arbeid.

– Eg har også tenkt mykje på bildeutsnittet og kva motiv eg skal velje. Det er viktig for meg at veskene ser spennande ut, seier Radmann.

– Eg har draumejobben

Men det tek tid å etablere seg med noko nytt og i eit nytt land.

Kristiansundsveske

Kristiansundsveske med motiv fra fiskebrygga.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Som designer har du moglegheit til å gjere noko nytt, men det tek ofte litt tid før folk får opp auga for det meir spesielle som ikkje alle andre har, seier ho.

Likevel føler Radmann at ho og designen hennar har funne sin plass i Kristiansund.

– Eg har draumejobben. Eg er veldig glad i å møte folk, vi pratar saman og eg blir kjent med byen gjennom dei, seier ho.

– Kristiansund er i ei fase der det er mykje som forandrar seg, og eg føler eg er ein av dei som er med på å forandre byen på ein positiv måte, held ho fram.