NRK Meny
Normal

God stemning i Elliot-publikumet

Det er Elliot-hysteri i Møre og Romsdal. Fansen møtte den 14 år gamle songstjerna på flyplassen i går, dei har stått i kø i dag, og dei var klare lenge før konserten.

Det er Elliot-hysteri i Møre og Romsdal. Fansen møtte den 14 år gamle songstjerna på flyplassen i går, dei har stått i kø i dag, og snart byrjar konserten på Sommerfesten på Giske. Dei er klare.

SJÅ SAKA: Cathrine er mellom dei mange som ventar på at Isac Elliot skal gå på scenen.

Ellioteers på Sommerfesten på Giske

KLARE: Mobilane er klare i publikum, for at dei er på konsert med sjølvaste Isac Elliot må dokumenterast.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Han er flink å synge, og så er han kjekk, seier ei.

– Han er fin, seier ei anna.

Dei står tettpakka framføre scenen på Sommerfesten på Giske i Møre og Romsdal.

Det er rett før konserten byrjar, og mange har venta lenge på at dei skal få sjå sjølvaste Isac Elliot i aksjon.

– Kven er denne Isac Elliot?

– Ein finsk gut, svarar jentene og ler.

Den som ventar på noko godt ...

Ellioteers klare på Giske

ELLIOTEERS: Fansen er klare for å ta imot idolet sitt Isac Elliot.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Nokre møtte alt den 14 år gamle songaren dagen i førevegen, på flyplassen.

Dei venta i fleire timar, før han endeleg var der, og kunne dele ut klemmar og takast «selfie» med.

Før konserten er mobilane klare, stemninga er trykkande. Det er om å gjere å stå lengst framme, om å gjere å få sett mest. Den 14 år gamle guten har kapra mange av dei unge hjarta.

Cathrine har fått seg ein bra plass, heilt fremst ved scenen men det har ho jobba for.

– Det var veldig vanskeleg, og så er det veldig mange som prøver å komme seg fram. Det er skikkeleg vondt, seier ho og ler.

Dei andre jentene som står tettpakka rundt Cathrine ler også, ein kriblande latter.

SJÅ BILETA:

Tettpakka framføre scenen før konsert med Isac Elliot

Stor fanskare

Dei kallar seg Ellioteers, dei som er fan av Isac Elliot. Slik som Cathrine har mange andre venta i rundt fire timar på konserten. Nokre var der frå dei byrja å sleppe inn folk på festivalområdet, for dei skulle stå heilt fremst.

Klar for konsert med Isac Elliot på Giske

TETTPAKKA: Mange har møtt opp tidleg på Sommerfesten på Giske for å få gode plassar under konserten.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er stort, seier ei som har vore på konsert med Isac Elliot før.

– Det er spesielt å få sett Idolet sitt på nært hald, legg ho til.

Mange mobilar er å sjå i publikum. Alle vil ha dei beste bileta, alle vil ha autograf, og kanskje får dei også ein klem? Men, dei klarar å halde seg i rolege, iallfall litt til.

– Eg brukar ikkje å svime av, så eg klarar nok å halde meg sterk, seier Cathrine.

  • SJÅ OGSÅ:
    Flere unge jenter møtte tidlig opp på Vigra fredag i håp om å få et glimt, og i beste fall en skikkelig god klem, fra idolet deres - Isac Elliot.

    SJÅ INTERVJU: Julie ventar på Isac Elliot på Vigra.