Hopp til innhold

Har turnert saman i 40 år

I fleire tiår har dei reist saman og besøkt dei fleste bedehus, byer og bygder her i landet. I år feirar dei eit spesielt jubileum.

Sangevangelistene Marit og Irene

JUBILEUM: Irene Krokeide Alnes og Marit Stokken har reist land og strand saman i førti år og har ikkje tenkt å gi seg med det fyrste.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Ja, i år er det førti år sidan vi byrja å synge og reise i lag, seier Irene Krokeide Alnes.

1. oktober 1974 møtte ho Marit Stokken for fyrste gong i Bergen. Då hadde Irene allereie reist eitt år for seg sjølv, og dei to var veldig spente på korleis det nye samarbeidet skulle bli.

Det var Birger Aadland, dåverande generalsekretær i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, som valde å bringe dei to saman. Han kjente dei begge frå før, og trudde dei kunne få det kjekt saman. Det hadde han rett i.

– Vi fant tonen fort når vi byrja å spele og synge i lag, seier Marit, smiler og ser bort på Irene.

I dag bur dei begge på Godøya i Giske kommune, og er framleis like gode vener.

– Det er det ingen tvil om. Vi trivst svært godt i kvarandres selskap, fortel Irene.

  • Sjå video av dei to lenger nede i saka.

Reist land og strand

Og sidan den dagen i oktober har dei to sangevangelistene reist land og strand saman med gitarane sine og opptredd. Dei har reist mest på Sørlandet, Vestlandet og Finnmark, men gjennom besøk i ulike samanhengar har dei vore innom dei fleste fylke i landet. I tillegg har dei vore på fleire turar til utlandet og opptredd.

Det heile starta då dei lærte eit par enkle grep på gitaren.

– Det var mor mi som lærte meg å spele gitar. Ho lærte meg ein song med berre tre grep, og det var slik det byrja, fortel Irene.

– Det fyrste eg lærte var også ein song med tre grep, men eg lærte det av ei nabokone, sier Marit.

No, førti år seinare, har dei gitt ut om lag 23 plater, og selt mellom 100 000 til 200 000 plater. Nokre av songane har dei også skrive sjølv, og det er spesielt Irene som har blitt inspirert til å ta pennen fatt.

– Eg har skrive fleire av songane i periodar av livet mitt der det enten har vore tøffe ting eller veldig kjekke ting som har skjedd. Det er ofte det som gir meg idear, seier Irene.

Skal ikkje gi seg med det fyrste

Den 24. oktober i år går startskotet for førtiårsfeiringa til dei to. Då startar nemleg jubileumsturneen til Marit og Irene i Oslo. Deretter går turen vidare til Sørlandet og mot Bergen.

– Det ser vi veldig fram til. Vi har invitert familie og vener, men håper at mange andre også vil ta turen, seier Marit.

Og til trass for at dei to har spelt saman i førti år har dei ingen planar om å gi seg med det fyrste.

– Kor lenge vi kan halde på er det berre himmelen som veit, seier Irene og ler.

– Vi har ingen plan om å gi oss nei, vi har funnet ein utruleg flott teneste, og hatt veldig mange fine opplevingar opp igjennom åra, seier Marit.

Likevel skulle dei ynskje at fleire ville følgje i deira fotspor og halde sangevangelisttradisjonane ved like.

– Det er ikkje mange igjen som held på slik som vi gjer, så det er klart eit behov for fleire, seier Irene.

Sjå sangevangelistene Marit og Irene spele ein av dei kjende songane sine.

SJÅ VIDEO: Sjå og høyr då Marit å Irene song og spelte i ettermiddagsensinga til NRK Møre og Romsdal.