NRK Meny
Normal

«Nøkkelen er ein fornuftig bortekamp»

– Eg har god tru på laget vi skal sende utpå. Vi har eit godt fundament, seier Molde-trenar Tor Skullerud før laget møter ukrainske Zorya i kvalifisering til Europaligaen torsdag.

Tor SKullerud

Motivasjonen i laget er heilt fantastisk, seier Molde-trenar Tor Ole Skullerud før avreise mot Kiev og ukrainske Zorya.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB Scanpix

Molde sine fotballmenn sett onsdag kursen mot Kiev og Ukraina for å møte Zorya i kvalifisering til Europaligaen torsdag.

Trenar Tor Ole Skullerud meiner han har med ein tropp med topp motivasjon og solid sjølvtillit, ikkje minst vunne gjennom gode opplevingar i førre runde av kvalifiseringsspelet, då Molde møtte slovenske Gorica.

Les og:

– Det er viktige erfaringar vi dreg med oss kvar gong vi speler i Europa, og det er eit offensivt mannskap med tru på seg sjølv som skal utpå no.

Molde - ND Gorica

Moldes trenar Tor Ole Skullerud takkar Goricas Marco Modolo for kampen etter førre kvalifiseringskamp mellom Molde og Gorica på Aker Stadion.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Må vere lure

– Nøkkelen no er å gjere ein god bortekamp; ein god, fornuftig bortekamp. Deretter er det sjølvsagt heimekampen om ei veke som blir avgjerande for heile greia, seier Skullerud.

– Vi må vere lure og disponere mannskapet på ein god måte. Vi har ein tippeligakamp imellom og elles tett med kampar, så no må vi bruke troppen vår.

Les og:

Det er mange gode unge spelarar i klubben no, og Skullerud seier det blir meir speletid for fleire. Debuten for unge Ruben Gabrielsen er heller ikkje langt unna, bekreftar han.

– Den er nær. Han er klar.