Om få dagar skal den reviderte konseptrapporten for nytt fellessjukehus på Hjelset og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund leggast fram for styret i Helse Møre og Romsdal. Eit av spørsmåla er om det skal vere dagkirurgisk behandling i Kristiansund eller om all kirurgi skal samlast ved det nye sjukehuset på Hjelset. Det skal også avgjerast om det distriktsmedisinske senteret skal plasserast i dagens sjukehusbygg i Kristiansund eller om det skal byggast nytt.
Spaning under overflata
Vegen fram mot eit nytt fellessjukehus for Romsdal og Nordmøre har vore humpete og prega av konfliktar, men på dagens informasjonsmøte ved helseføretaket i Kristiansund, var stemninga roleg.
Konserntillitsvald i Helse Midt, Grete Enge Garshol, seier ho har tillit til prosessen.
– Det verka som det har vore ein god prosess og eg veit at det har vore svært mange av dei tilsette som har vore involvert i forarbeidet, seier Garshol.
– Er uroa lagt til sides?
– Eg trur nok det ligg ein del spaning under overflata, så eg kan ikkje seie at uroa har gått over, seier Garshol.
LES OGSÅ:
Kome vidare på ein god måte
For direktør, Espen Remme, er det viktig at prosessen er prega av tillit og ikkje av uro.
– Vi har eit sentralt og viktig samfunnsoppdrag, der vi skal sørge for spesialisthelseteneste til innbyggjarane. Det at vi kjem vidare på ein god måte er eit viktig mål for oss, seier Remme.
Enkelte har hevda at før den reviderte konseptrapporten kjem på bordet, er utfallet allereie bestemt. Remme avviser dette og seier at han står heilt fritt til å kome med den tilrådinga han vil til styret i Helse Møre og Romsdal. Dei skal behandle rapporten 25. november og deretter er det styret i Helse Midt-Norge som ta den endelege avgjerda.
Grete Enge Garshol er ikkje i tvil om kva ho meiner er best for innbyggjarane i Kristiansund.
– Eg håper at det blir dagkirurgi i Kristiansund, seier Garshol.