NRK Meny
Normal

– Vi lever slik fordi vi må

Eit provisorisk telt i eit bynært skogholt. Spor og lukt viser tydeleg at toalett er langt unna. Slik bur to romfamiliar i Ålesund.

Tarancuta frå Romania tiggar i Ålesund.

BLIR: Tarancuta seier ho ikkje har anna val enn å bli i Noreg og tigge.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Her bur tiggarane i Ålesund.

LEIR: I dette skogholtet i Ålesund bur to rumenske familiar.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I seks år har dei tigga for å bygge seg hus i Romania. No bur dei to familiane under svært uverdige forhold i eit skogholt nær Ålesund sentrum.

Livnærer seg av tigging

Dei 7 tiggarane frå Romania har veksla mellom å bu i Ålesund, Molde og Kristiansund dei siste seks åra.

– Vi lever slik fordi vi må, seier Tarancuta.

Ho fortel at ho får inn 5–600 kroner i veka på tigging. Det er pengar dei er

Spelar trekkspel i Ålesund.

SPELAR: Trekkspel og tigging er kvardagen til dei to familiane.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

heilt avhengige av. Via tolken Alina Dogaru frå Ålesund vidaregåande skule får vi fortalt at Tarancuta og familien prøver å skaffe seg nok pengar til eigen bustad i Romania.

– Vi har begynt på eit hus i Romania. Vi må no ha tak og vindauge. Det er det vi tiggar for no, fortel ho.

Les også:

Uverdig

Avføring i naturen.

AVFØRING: Over alt rundt leiren til romfolket i Ålesund ligg det avføring.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Når rumenarane ikkje er i byen for å tigge, bur dei i eit skogholt ved Color Line stadion i Ålesund. Buforholda er svært uverdige.

– Dersom alle veit at vi bur her, til og med politiet, så kanskje vi kan få bu i eit gammalt hus her i området som står tomt. Då kan vi kanskje sleppe å bu ute, seier ho til NRK.

Sjå video om saka her:

To familiar som har tigga i Ålesund Molde og Kristiansund i 6 år seier dei fortsatt prøver å tene penger til bustad heime i Romania. No bur dei i ein liten skog innanfor Ålesund. Der lever dei under uverdige forhold

– Bør få ny lov

Medan NRK snakkar med Tarancuta i Ålesund sentrum kjem Gheorghe Cernatescu forbi. Han er bussjåfør hos Nettbuss, og engasjert i debatten om tigging.

Gheorghe Cernatescu

FLEIRE: Gheorghe Cernatescu frå Romania meiner fleire vil kome til Noreg for å tigge fordi det går rykte om at det er bra forhold for slikt. Han meiner tigging bør forbys.

– Vi treng nye lover i Noreg. Dei bør forby tigging, og heller oppfordre folk til å kome hit for å arbeide, seier han.

Men Tarancuta har ingen andre planer enn å bli i Møre og Romsdal for å tigge.

– Eg har ingen andre plassar å reise, seier ho.

– Frykteleg trist

Kirsti Dale frå Venstre tok i dag saka opp i formannskapet i Ålesund, for å få ei avklaring på korleis den politiske leiinga skal handtere situasjonen. Ho synest det er trist at fattige folk kjem til Noreg og må bu under slike forhold.

– Spørsmålet i formannskapet i dag kom nok litt raskt. For ordføraren skal ha møte om saka med politiet i neste veke, og veka deretter får vi svar på kva som kjem ut av det, seier Dale til NRK.

– Kva meiner du bør bli gjort?

Det er mange som vil ha tiggeforbod. Men eg trur ikkje det er vegen å gå, for då trur eg romfolket vil finne andre måtar å få tak i pengar på, seier Dale.

Ho er likevel klar på at rumenarane må følge norske lover.

– Dei kan ikkje slå leir i eit skogholt på den måten, og dei kan ikkje gjere frå seg der. Dette er norsk lov som alle må følgje. Og dei kan ikkje gjere frå seg der. Men vi må finne ei løysing for dei, seier ho.

Sjå intervjuet med Dale her:

Først til situasjonen med tigging. Bystyret i Ålesund har i dag behandla dette temaet. Vi har møtt to rumenske familiar som dei siste seks åra har tigga i Ålesund, Molde og Kristiansund. No bor dei under dårlige forhold i en liten skog i Ålesund.