NRK Meny
Normal

Har tatt dobbelt så mange ruskøyrarar som i fjor

UP har stoppa over 100 livsfarlege bilistar på vegane i Midt-Noreg så langt i år. UP intensiverer kontrollane mot ruskøyrarar, og ber no alle som rullar ned vindauget om å blåse.

Distriktsleiar Per-Einar Hollum, UP-distrikt 7

Distriktsleiar Per Einar Hollum seier dei aldri har stoppa fleire med rus.

Foto: Politiet

Blir du stoppa av UP i sommar, kan du belage deg på at du må blåse i alkometer. I heile vår har UP-patruljane over heile landet hatt større fokus på å stoppe ruskøyrarar, og det har gitt resultat.

Berre i Midt-Noreg har UP meldt 101 bilistar til politiet på grunn av ruskøyring. Det er dobbelt så mange som på same tid i fjor, og fleire enn nokon gong før.

Eg er misfornøgd fordi vi dermed får stadfesta at det er svært mange som køyrer med rus. Samtidig er eg fornøgd med at vi klarer å ta fleire, for dei som køyrer med rus utgjer ein betydeleg risiko i trafikken, seier distriktssjef Per Einar Hollum.

Les også:

Køyrde over 50 mil i rus

Ein 29 år gamal langtransportsjåfør frå Nordmøre er ein av dei som nyleg miste førarkortet på grunn av rus. Etter å ha køyrt over 500 kilometer, frå Odda til Molde, blei han stoppa med ein promille på 1,2 og spor etter både hasj og alkohol i blodet. Dermed miste han førarkortet.

Hollum vedgår at dei truleg berre klarer å stoppe eit fåtal av dei som køyrer bil med rus.

Det er klart at vi burde brukt meir ressursar på rus, men politiet i Noreg må prioritere mellom svært mange viktige oppgåver, seier Hollum.

730 bilistar stoppa over heile landet

Nye tal frå UP viser at dei også på landsplan har klart å stoppe fleire ruskøyrarar. Første halvår blei 730 bilistar melde til politiet på grunn av mistanke om ruskøyring, og dette er over 30 prosent fleire enn året før.

Likevel tilsvarer dette berre 19 bilistar i heile distrikt 8, Helgeland, Salten og Midtre Hålogaland. Flest blir tekne i distrikt 5, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Der stoppa UP 149 bilistar denne våren.

Rusa sjåførar, stoppa av UP

Distrikt

1. halvår 2014

1. halvår 2015

Heile landet

553

730

Østfold/Follo og Romerike

50

82

Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal

46

101

Hedmark/Vestoppland og Gudbransdal

53

73

Helgeland, Salten, Midtre Hålogaland

10

19

Troms, Vestfinnmark og Østfinnmark

46

55

Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland

121

149

Haugaland, Sunnhordland, Hordaland og Sogn og Fjordane

56

62

Vestfold og Telemark

124

121

Nordre Buskerud, Sønre Buskerud og Asker og Bærum

31

68

Risikoauke på 200

Men alt tyder på at dette berre er toppen av isfjellet. Undersøkingar som Folkehelseinstituttet har gjort, viser at ein av fem skadde i trafikken hadde eitt eller fleire legemiddel eller narkotiske stoff i blodet. Undersøkinga viste også at kombinasjonen av alkohol og eitt av desse stoffa gjer at risikoen for å bli skadd i trafikken aukar med 200.

Rår bilistar til å vere opplagde

Per Einar Hollum er distriktsleder for utrykningspolitiet i Midt-Norge

Distriktsleiar Per Einar Hollum seier det er lurt å sjølv vere vaken og opplagt dersom ein skulle møte ein ruskøyrar.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Hollum rår bilistar til å vere vakne og opplagde ute i trafikken. Dermed kan dei også lettare handle rett dersom dei skulle få ein rusa bilist mot seg.

Det å vere opplagt sjølv og halde fartsgrensa aukar sjansen for å handle rett dersom ein kjem i ein slik situasjon, seier han.