NRK Meny
Normal

Han har tatt den største laksen

SURNADAL (NRK.no): Mange ventar framleis på å få tatt storlaksen. Men nokre har vore både dyktige og heldige. Oddvar Marthinsen frå Sandefjord har teke den største laksen i Surna hittil i år.

Oddvar Marthinsen

Oddvar Marthinsen er frå Sandefjord. Saman med fleire andre fiskar han no i laksehølame Advokaten og Revisoren i elva Surna. Tysdag 29. juli fekk han storlaksen.

Foto: Terje Reite / NRK

Låg vassføring har ført til at det har vore langt mellom storlaksane så langt i sesongen. Men nokre laksar har det blitt. I Surna har det til no i år blitt teke i underkant av 10 laksar på over 10 kilo.

Storfangsten skjedde i Surna tysdag den 29. juli, og laksen var på 17,9 kilo.

– Laksen tok på tredje kastet. Først trudde eg at eg hadde sett fast reiskapen i elvebotnen. For det blei bom stopp. Men brått vart det liv i andre enden, gliser Marthinsen der han står ved elvebreidda.

Laks Surna

Dette er gapahuken ved laksehølane Advokaten og Revisoren i elva Surna.

Foto: Terje Reite / NRK

– Fekk den store skjelven

Vi står ved hølen som har fått namnet «Revisoren», like ovanfor «Advokaten». Det var her han tok den store laksen.

Eg fekk den store skjelven då eg skjønte at eg hadde fått storlaks. Det var utruleg moro. Eg hadde vel makspuls og det som verre var.

Oddvar Marthinsen fortel om basketaket som oppstod då storlaksen skulle på land. Dei andre i følgjet kom springande til for å hjelpe. Laksen var ikkje særleg samarbeidsvillig.

Det var berre ein ting å gjere. Det var å følgje etter nedover elva. Det var skrekkeleg spennande, seier Marthinsen. Når ein får ein slik laks må ein berre håpe. Ein veit ikkje korleis laksen har festa seg, om han har skikkeleg tak. Det er spennande frå første sekund til han ligg på land.

Miste rekordlaksen

Ekstra spennande vart det fordi andre i same fiskelag nettopp hadde mista ein annan storlaks. Johnny Solbakken frå Fiksdal i Vestnes hadde fått fast fisk. Og det var heilt klart at det var storlaks.

Eg fekk laksen i stryket der borte ved «Advokaten». Og eg heldt på med han i om lag ein time. Han var sikkert på rundt 20 kilo. Det var ei fantastisk kjensle. Det er sånt ein opplever kanskje berre ein gong i livet, fortel Johnny Solbakken.

Tom og Johnny Solbakken

Far Johnny Solbakken (til høgre) opplevde å miste det som kanskje kunne ha vore årets rekordlaks. Sonen Tom hadde laksen i fanget, men laksen tok eit byks og forsvann i elva.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det gjekk ikkje så bra

Men laksen var stor og han var sterk, og ville slett ikkje bli fanga. Medan far Johnny heldt fiskestonga var det sonen Tom Solbakken som skulle ut i elva for å berge han. Ute i elva vart det eit basketak som varte og rakk. På eit tidspunkt hadde Tom laksen i eit fast grep med hendene. Men brått skjedde det som ikkje skulle skje. Laksen sprella seg ut, hamna i elva og forsvann, til eit kor av sterke ord både frå sonen, faderen og alle tilskodarane på elvebreidda.

Det var ein intens kamp. Laksen blei køyrt hardt. Vi hadde nesten klart å gjere han utarma. Han hadde hamna opp på ei grastue på elvebreidda. Eg sprang ut for å prøve å berge han inn. Men det gjekk ikkje så bra, seier sonen Tom Solbakken.

– Var det DIFOR taket glapp?

Han er den som har vore nærast laksen og den sikraste kjelda på at laksen var kring 20 kilo. Og han har ei trøyst å kome med til faren. For laksen var ein holaks. Og på dette tidspunktet skal holaks sleppast ut att for å bringe laksestammen vidare. Einaste problemet er at det ikkje er sikre målingar på denne laksen, slik at han ikkje kan registrerast i konkurransen for største laks som blir slept ut att i elva.

Han var både våt og kraftig og stor, og då han bestemte seg for å bruke dei siste kreftene sine, då klarte han det. Einaste trøysta er at det var ein holaks som måtte setjast ut att.

– Men sjølv om det var ein holaks som måtte setjast ut att, så skulle eg ønskje at vi hadde fått han inn. For då hadde eg slått rekorden til son min, som har DEN rekorden no. Kanskje var det difor taket glapp, skrattar far Johnny medan han ser småstrengt på sonen sin.

– Sesongen er ikkje slutt

Men i frysaren på Nygard Lodge i Surnadal ligg rekordlaksen til Oddvar Marthinsen. Ingen veit om rekorden blir slegen, sjølv om mange går med ei von. Historisk sett er det teke mykje laks som er mange kilo større enn den laksen som han fekk tysdag.

– Sesongen er ikkje slutt. Det er framleis mogleg at det kjem mykje storlaks opp elva. Og hannlaksen er den som kjem seinast. Dei store hannlaksane kjem ofte på slutten av sesongen, seier rekordhaldar Oddvar Marthinsen til NRK.