Slik har du aldri lest påskekrim før

Påskekrim på mjølkekartong har du sikkert høyrt om, men no kan du lese ei strikka krimnovelle.

Har strikka Jørgen Jægers novelle «Et fordømt avskum» på luer

Krimnovella «Et fordømt avskum» av Jørgen Jæger har blitt strikka på luer.

I eit heilt år har strikkarar frå heile landet laga luer med eitt ord på kvar. No er dei 2538 luene ferdigstrikka og systematisert i rekkefølge.

– Dette er verdas første handstrikka påskekrim, ler Britt Elin Skogseide.

Det var ho som fekk ideen til strikkeprosjektet og fekk med seg krimforfattar Jørgen Jæger. Hans novelle «Et fordømt avskum» kan no lesast i form av lueord.

Britt Elin Skogseide

Britt Elin Skogseide fekk ideen til påskekrim i strikka format. Sjølv har ho strikka 43 luer.

Foto: privat

Foto av alle luene

Alle har fotografert luene sine og nummerert dei. Dermed kan du lese novella ved å sjå på bilete av kvar lue.

– Det går fint an å lese novella slik, men nokon gongar stoppar eg og tenker: Gubban for ei fin lue og så fell eg litt ut av teksten. Så må eg eit par luer tilbake for å hente meg inn att, ler Skogseide. Ho har gjort liknande prosjekt før og fekk strikkarar frå inn og utland til å hylle Henrik Ibsen med strikkegenserar.

Imponert over logistikken

Jørgen Jæger med strikkalue

Forfattar Jørgen Jæger er imponert over korleis alle strikkeluene kan settast saman til ei historie.

Foto: Britt Elin Skogseide / NRK

Krimforfattar Jørgen Jæger hadde ikkje i sin villaste fantasi tenkt at hans litteratur skulle ende opp i eit strikkeprosjekt. Då han fekk spørsmålet om å bidra med ei krimnovelle, tenkte han først at dette var ein sprø ide, men det snudde til begeistring. Forfattaren er mest av alt imponert over korleis det går an å halde orden på alle luene.

– Eg bøyer meg i støvet for kva Britt Elin har fått til og så er det gøy at novella mi kjem på trykk på denne måten. Eg trur absolutt at eg får eit nytt publikum, seier Jæger. Novella kan også lesast i bokform.

Strikkeluer med påskekrim fra Jørgen Jæger på

Mellom 700 og 800 personar har bidratt med strikking.

Foto: Privat

Tidsfordriv i koronaår

Britt Elin Skogseide har rekruttert mellom 700 og 800 strikkarar for å gjennomføre krimprosjektet. Medan enkelte har laga ei lue, har andre tatt heilt av. Slik som sunnmøringen Annie Brandal Rusten. Ho har strikka 55 luer.

– Eg strikka først fem, men det blei berre meir og meir. Det er jo koronaår og det er herleg å ha noko å gjere på, ler Rusten.

Til jul fekk alle i familien luer med tilfeldige ord. Rusten har ingen ide om kva novella handlar om, men veit at ein pistol må vere involvert, sidan dette er eitt av orda ho har strikka. No gler ho seg til å lese heile strikkekrimmen.

Strikkeluer laga av Anni Brandal Rusten med ord til påskekrim

Dette er nokre av luene Anni Brandal Rusten har produsert.

Foto: privat

Død og fordervelse

Novella handlar om eit ran med dramatiske hendingar. Britt Elin Skogseide seier at folk ikkje må bli overraska over at dei plutseleg ser folk som går med ord som «mord » og «død» på luene sine.

– Historia er likevel familievennleg og passar både til barn og vaksne, seier Skogseide.