Hopp til innhold

Har starta opprop for Trollstigen – vil ha rassikring no

Eit opprop som krev umiddelbar start på rassikringa av Trollstigen nærmar seg 500 signaturar. Det skriv Romsdals Budstikke.

Tidlegare denne veka blei det klart at vegen blir stengt ut året på grunn av rasfare.

Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef i Møre og Romsdal, meiner at dei treng rundt 50 millionar kroner for å sette inn strakstiltak for å sikre vegen.

Fredag behandla Stortinget eit forslag om at regjeringa, saman med fylkeskommunen, skulle prøve finne ei økonomisk løysing. Men forslaget blei stemt ned.

Trollstigen er stengt ut året på grunn av rasfare.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK