Hopp til innhold

Har starta oppfølging av arbeidsulykke

Arbeidstilsynet skal også gjere sine undersøkingar knytt til ei arbeidsulykke i Ålesund førre veke.

Ein mann omkom i ei fallulykke i ein bustad. Vedkomande var på jobb då ulykka skjedde.

– Arbeidstilsynet har mottatt eit varsel om ulykka og har starta oppfølginga av hendinga. Noko meir kan vi ikkje seie på noverande tidspunkt, seier Kjersti Marie Gjerd, seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.

Saka blir også etterforska av politiet.

Fallulykke i Ålesund.

Fallulykke i Ålesund – mann omkom

En mann er bekreftet død etter en fallulykke ved Moa i Ålesund torsdag. Pårørende er varslet.