Hopp til innhold

Selte 100 tonn nypotet første veka

Det teiknar til å bli ein svært bra sesong for potetbøndene i fylket.

Sunndalpotet

Den enorme sommarvarmen har gjort godt for årets potetar, seier dagleg leiar i Sunndalpotet Ivar Grødal.

Foto: Privat

Den første tidlegpoteten har alt vore i handelen i eit par veker. I fylkets største potetkommune, Sunndal, jobbar bedrifta Sunndalpotet på Grøa for fullt med sortering, pakking og utsending.

Ivar Grødal

Ivar Gørdal fortel om omsettingsrekord.

Foto: Privat

Omsettingsrekord

I tillegg til å ta imot poteter frå eigen kommune, tek bedrifta og imot poteter frå leverandørar i Valldal, Melhus, Alvdal, Oppdal og Tynset.

Og det går unna: første veka selde bedrifta unna 100 tonn. Det er ny rekord, seier dagleg leiar ved Sunndalpotet, Ivar Grødal.

– Det er tydeleg at folket har venta på nypotet, fortel han.

God kvalitet

Det varme sommarvêret ser ut til å ha blitt teke godt imot i potetåkrane.

Det er ifølgje Grødal over gjennomsnittet god kvalitet på årets rotfrukter, både når det gjeld utsjånad, smak og matkvalitet.

Prismessig teiknar det og til å bli ein svært bra sesong for potetbøndene, som under første veke med nypotet på marknaden fekk betalt opp til sju kroner og 40 øre kiloen.

– Vi har så vidt sett sjutalet før, så det synest eg er bra, seier Grødal.

I fjor omsette Sunndalpotet potet til ein samla verdi av 35 millionar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL