Hopp til innhold

Har sett i gang underskriftsaksjon for å tvinge politikarane på banen

Han har sett i gang ein underskriftsaksjon for å få kommunestyra til å lytte. I Kristiansund må det 300 underskrifter.

Stig Ohrvik

Han ser ikkje sint ut, men er engasjert på vegner av innbyggjarane. No tvingar dei straks gjennom kravet om at Kristiansund kommunestyre må behandle spørsmålet om kommunegrensene på Nordmøre.

Foto: Anne-Mari Flatset

Stig Ohrvik frå Averøy driv klappjakt for å få fleire nordmøringar til å protestere. Underskriftene deira vil han bruke til å tvinge politikarane på banen. Han vil ha dei til å engasjere seg sterkt og ekte i spørsmålet om fylkestilknyting, og for å få hjelp til å bli ein del av Trøndelag.

Eg tenkjer at det er like greitt å vere litt frampå, i staden for å sitje med hendene i fanget, det brukar ikkje å føre til noko godt, seier Ohrvik engasjert.

I kommunelova står det at innbyggjarane i kvar og ein kommune kan krevje at politikarane behandlar saker dei er opptekne av. Eitt av krava er at minst to prosent av innbyggjarane står bak.

Manglar berre 27 i Kristiansund

Etter at Ohrvik tok opp tråden, har allereie 273 kristiansundarar skrive under på kravet i løpet av to dagar. Dermed manglar berre 27 personar for at kommunestyret må behandle saka. Det kjem fram på nettstaden minsak.no, som er oppretta for å gjere det lett for enkeltpersonar å mobilisere for ei sak til kommunestyret.

– På Nordmøre er det veldig mange som snakkar om vi høyrer heime i eit stort trøndelagsfylke eller i Møre og Romsdal. Mange hadde nok forventa at kommunepolitikarane på Nordmøre hadde tatt tak i det sjølv, men ingen har sett noko slikt initiativ, seier han.

Ber om å bli ein del av Trøndelag

Kravet om å få saka på politikarane sitt bord, brer om seg. I tillegg til Kristiansund, er det starta liknande aksjonar på Smøla, i Aure og i Averøy. Ohrvik har formulert ein forslag til kva dei ber kommunestyra om å behandle:

«Siden desember 2014 har tanken for mange vokst til et klart standpunkt om at kommunene på Nordmøre må bli en del av et nytt trøndelagsfylke ...»

Eg syns kanskje vi har vore tolmodige veldig lenge. Vi har ikkje meir å miste, seier han, og peikar på debatten om kvar politimeisteren skal plasserast.

Det er jo ikkje så veldig mange som støttar oss. No er det på tide å ta tak i saka, seier han.

– Feil signal

Kjell Neergaard

Kristiansundsordførar Kjell Neergaard seier dei kjem til å ta opp initiativet i kommunestyret, men meiner tidspunktet er feil.

Foto: Roar Halten / NRK

Ifølgje kommunelova må kommunestyret ta stilling til forslaget seinast seks månader etter at dei får det. Ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund seier han tek initiativet på alvor.

Ja, eg kjem til å ta opp initiativet, men vi kan sjølvsagt kome til å avvise saka, det får vi sjå. Eg forstår at saka kjem opp, men meiner det er ei avsporing. No held vi på med kommunereforma, deretter er det naturleg å sjå på dette etterpå, seier han.

– Men vi kjempar i dag for å få lagt politimeisteren i Møre og Romsdal til Kristiansund, og då blir det eit heilt feil signal å gå ut og seie at vi vurderer å gå mot Trøndelag. Så eg er framleis tilhengar av Møre og Romsdal fylke, seier Kjell Neergaard.