Har samla inn pengar til tre millionar måltid

Akshat Gupta (40) og Hilde Marte Garnes (40) har samla inn åtte millionar kroner til menneske i millionbyen Mumbai i India etter at korona-krisa slo til for fullt i mars.

From U 2 Them, Akshat Gupta og Hilde Marte Garnes

Hilde Marte Garnes og Akshat Gupta på Flø på Sunnmøre der dei har eit hus, men til vanleg bur dei i Mumbai. No har dei samla inn åtte millionar kroner til folk som svelt på grunn av korona-krisa.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kontrasten mellom sunnmørsbygda Flø og den indiske storbyen Mumbai kunne ikkje ha vore større. Men menneska er mykje dei same, seier Akshat Gupta. Dei er rause og vil alltid hjelpe til. Då Mumbai vart stengt ned på grunn av korona valde dei å reise til heimplassen til Hilde Marte i Noreg, der dei har eit hus.

I Mumbai er Hilde Marte Garnes smykkedesignar og har eigen butikk. Akshat Gupta driv med eigedomsutvikling.

Det er 24 millionar menneske i den indiske storbyen og halvparten av desse har problem med å skaffe mat frå dag til dag om dei ikkje får hjelp, fortel Gupta.

Starta aksjonen spontant i mars

Innsamlingsaksjonen sette dei i gang spontant då også Mumbai vart snudd på hovudet av pandemien.

From U 2 Them, Akshat Gupta

Når ein ser ansikta på dei som får mat gjennom denne aksjonen så er det absolutt ingen som vil ha lønn for å bidra, seier Akshat Gupta.

Foto: Hardik Patel

– Byen endra seg nærast over natta og mange fekk problem med å skaffe mat. Mange av desse brukar å ta småjobbar frå dag til dag for å brødfø familiane. Då korona stengde byen forsvann desse småjobbane og behovet for mat vart enormt på kort tid.

Dermed bestemte det norsk-indiske paret seg for at dei ville gjere noko saman med nokre vennar. Planen var at dei kunne skaffe ein stad mellom eitt hundre og to hundre tusen kroner. To månader seinare er summen på åtte millionar kroner.

– Det har verkeleg vore overveldande, seier Gupta.

Han og kona har tidlegare drive med sanitærveldedigheit i byen og har dei siste vekene fått lov til å køyre lastebilar med mat og utstyr til alle hjørne av millionbyen.

From U 2 Them, Akshat Gupta

Lastebilar med mat køyrer ut til alle hjørne av millionbyen.

Foto: Hardik Patel

Viktig å sleppe dyre mellomledd

Ved Høyskolen Kristiania i Oslo er Dag Inge Fjeld høgskulelektor ved Institutt for markedsføring. Han trur at mange gjevarar set pris på at dei kan sjå at hjelpa kjem til nytte direkte, som i dette tilfellet.

Dag Inge Fjeld

Dag Inge Fjeld ved Høyskolen Kristiania trur mange gir her fordi dei ser at hjelpa når fram.

Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

– Gleda ved å gje er avhengig av at ein ser den direkte gleda som ein mottakar av gåva har. Facebook gir sjansen til å kople det vi veit om gåver som sosiale fenomen med internasjonal dekning.

Fjeld trur at mange vil meine at denne måten å bidra på er ubyråkratisk. Det at ein ikkje har dyre mellomledd og at ikkje pengar kjem på avvegar er gode grunnar til at så mange vil bidra til ein slik type aksjon, seier Fjeld.

Matpakkar gir best effekt

Tilbake på Flø fortel Hilde Marte Garnes at dei i starten delte ut ein del varme måltid, men det som dei etter kvart har sett har gitt best effekt er matpakkar.

– I byrjinga delte vi ut matforsyningar for to veker, men vi endra det til ein familiepakke som kan vare så lenge som i tre månader. Gjennom aksjonen kan folk gå inn og sponse ein familie og følgje dei gjennom denne perioden, og responsen har vore enorm.

From U 2 Them, Akshat og Hilde Marte

Akshat og Hilde Marte brukar 10 timar kvar dag på innsamlingsaksjonen, frå bustaden sin på Flø på Sunnmøre.

Foto: Arne Flatin / NRK