Hopp til innhold

Har saksøkt utbyggar av bustadblokk

Sameiet Sunde Panorama har saksøkt Ålesund Bygg AS og Sundsmyra Panorama AS for nær 6,3 millionar kroner, ifølgje sluttinnlegga som er sendt Møre og Romsdal tingrett. I tillegg krev dei sakskostnader. Det skriv Sunnmørsposten. Blokka stod klar i 2018, men sameiget meiner bygget har alvorlege manglar ved sikkerheita både i forhold til brann og ras. Utbyggaren og byggfirmaet er ueinige i påstandane.