NRK Meny
Normal

Har sakna informasjon frå politiet

Hareid (NRK): Dei næraste naboane til åstaden i Hareid, har sakna informasjon frå politiet. Laurdag kveld fekk dei stille spørsmåla dei lurer på.

Bjørnar og Cesilie Bigset

Bjørnar og Cesilie Bigset er næraste nabo til huset der drapet skjedde. Dei er glade for å ha fått meir informasjon på møtet laurdag kveld.

Foto: Eirik Haukenes

Drapsetterforskinga i Hareid har så langt vore prega av at politiet held korta tett til brystet. Først laurdag formiddag blei det kjent at ein mann i 20-åra frå Sunnmøre er sikta i saka. Spekulasjonane har vore mange og rykta går.

– Det var greitt å få litt informasjon etter eit døgn utan å få vite noko eigentleg, utan gjennom pressa, seier Bjørnar Bigset.

Les alt om drapet her:

25 naboar møttest laurdag kveld

Laurdag kveld var han og kona, Cesilie, på informasjonsmøtet på Bigset skule saman med om lag 25 andre. Det skjedde like etter at den drepne blei frakta frå åstaden. Politiet stilte, saman med representantar frå kriseteamet i kommunen.

Les også:

Naboar høyrer på politi og kriseteam i Hareid

Om lag 25 naboar møtte fram for å snakke med politi og kriseteam på Bigset skule laurdag kveld.

Foto: Eirik Haukenes

Ekteparet Bigset vedgår at dei har sakna informasjon.

– Ja, klart det. Vi er næraste nabo, vi har sett på alt, seier Cesilie Bigset.

– Er de tryggare no?

– Ja, seier begge to.

Fleire naboar som NRK har snakka med meiner det berre var eit spørsmål om tid før noko slikt kunne skje.

Les også:

Rosar politiet

Cesilie Bigset var ei av dei frammøtte laurdag kveld som roste politiet for det arbeidet dei har gjort i det vesle lokalsamfunnet.

– Eg syns dei har vore kjempeflinke. Han der Ingar (Red anmrk: Bøen, fung. politisjef) har tenkt seg nøye om for kvart ord han har kome med. Han har vore konkret og sagt fornuftige ting. Det har vore tryggande. I tillegg har politiet stått vakt utanfor det siste halvanna døgnet, seier ho.

Ekteparet seier det har vore stor trafikk av utanforståande som vil sjå huset og området der drapet i Hareid skjedde natt til fredag.