Hopp til innhold

Har mål om opning i desember

Vågstrandstunnelen har fått både asfalt og betongveggar. No skal lys på plass. Målet er opning i desember.

Vågstrandtunnelen på E136 mellom Måndalen og Våge skal vere klar for bilistane før jul. Det gjenstår mykje arbeid - men prosjektleiinga har tru på at tidsplanen skal halde.

Vågstrandtunnelen skal ta over for den gamle, rasfarlege vegen mellom Måndalen og Våge.

Jon Tryge Løvik

Jon Tryge Løvik meiner tunnelen skal stå klar til avtalt tid i desember.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Tunnelen skal bli ein del av innkøyringa til den nye Vågstrandstunnelen på E136. Den skal erstatte om lag 4,5 kilometer med rasfarleg, svingete og smal veg mellom Måndalen og Våge.

No er det mindre enn eit halvt år til folk skal køyre i tunnelen, men framleis ser det kaotisk ut.

– Ja, det kan sjå slik ut akkurat no i denne fasen her. Vi er i ferd med å avvikle den tradisjonelle tunnelbyggingsfasen, der mykje utstyr skal vekk frå anleggsområdet, seier Jon Tryge Løvik, byggeleiar frå Statens vegvesen.

– Så er det ein elektroutrustingsfase som akkurat er i oppstart no, fortel han vidare.

Strengare krav undervegs

Sidan byggestart i september 2012 har den vel 3,6 kilometer lange tunnelen blitt stadig betre utrusta.

– Det er meir og meir tryggleiksutstyr, her er leielys kvar 25. meter. Det har blitt strengare krav undervegs i prosjektet, og vi har tatt det inn i prosjektet, opplyser Løvik.

Han har vore éin av 40 mann i aktivitet i tunnelen. No er arbeidsstokken redusert til det halve.

Magne Heggem

Magne Heggem, kontrollingeniør i Vegvesenet, meiner Vågstranstunnelen har vore enkel å bygge.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Prislappen blir på om lag 100.000 kroner per meter ferdig veg – pluss moms.

– Ein enkel tunnel å bygge

Den erfarne byggeleiaren Magne Heggem, som er kontrollingeniør i Vegvesenet, er godt fornøgd.

– Dette har vore ein enkel tunnel å bygge sånn sett. Det har det vore, slår han fast.

– Du kunne like godt bygd éin til i same område?

– Det kan eg godt gjere, det er ein fin stad her. Det skulle heilt sikkert blitt bygd fleire tunnelar i området, smiler Heggem.

Lys blir altså montert i tunnelen framover. Alt skal vere ferdig til desember.

– Vi har ei målsetning om like før jul, ja. Kanskje siste helga før jul, seier byggeleiar Løvik.