Hopp til innhold

Har køyrt ulovleg over 20 gongar

Ein mann i 20-åra frå Ålesund er varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for omfattande bilkøyring med rus. Mannen har ikkje førarkort, men blei pågripen under køyring tidlegare denne veka, og politiet mistenker at han var rusa også då. I fengslingsmøtet vedgjekk han sjølv å ha køyrt ulovleg over 20 gongar. Retten trur han vil køyre ulovleg igjen, og har fengsla han i påvente av rettsaka.