Har kontroll på smittesituasjonen

Etter to separate utbrot av mutert koronavirus i Ålesund førre veke, opplever no kommunen at dei har kontroll på smittesituasjonen. Til saman var det fem personar som fekk påvist dette viruset, men foreløpig har ikkje fleire fått det påvist. Kommunen seier dei så langt har kontroll på dei mindre utbrota.