NRK Meny

Har kontroll på brann

Brannvesenet har no kontroll på ein brann i ein lysarmatur på Aspøya. Brannen oppstod i eit industribygg og brannvesenet held no på med utlufting. Det var ingen i bygninga då brannen starta og røyken blei oppdaga av ein forbipasserande, opplyser brannvesenet til NRK. Det skal heller ikkje vere skader på bygninga.

Brann Aspøya
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK