Hopp til innhold

Har kontroll med krafta

Olje- og energidepartementet har kontroll med kraftsituasjonen i Midt-Noreg, seier statssekretær Guri Størvold.

Guri Størvold

Statssekretær Guri Størvold

Foto: Nancy Blundt / NRK

Både LO og NHO meiner det tek for lang tid å skaffe alternativ kraft, men Guri Størvold seier det ikkje er grunn til uro. - Situasjonen er krevande, men regjeringa har kontroll. Folk treng ikkje sove dårleg om natta på grunn av kraftsituasjonen, seier ho.

Ikkje avklara

- Ingen av planane om gasskraftverk i regionen er endeleg avklara, seier statssekretæren. - Vi har fleire prosjekt, Fræna inkludert, som framleis kan vere aktuelle. NVE har sagt nei til gasskraftverk i Elnesvågen, men dersom avslaget blir anka, er det departementet som har det siste ordet.

- Når det gjeld statsstøtte til kraftproduksjon i samband med pelletsfabrikken på Averøya, synest departementet at prosjektet er for lite utvikla, seier ho.

Vindkraft

Departementet større tru på vindkraft. - Vi utlyser no ein ny runde på investeringsstøtte til vindkraftprosjekt i regi av Enova. Det betyr at vi før sommaren vil ha tildelt støtte til nye prosjekt. Ambisjonen vår er å byggje ut ca. 2 terawattimar med vindkraft dei neste to åra, og vi veit det finst gode prosjekt i Midt-Noreg, seier Guri Størvold.

Andre energikjelder

Midt-Noreg kjem også til å få meir tilgang på elkraft neste år gjennom ei overføringslinje frå Sverige. I tillegg vonar departementet at forbrukarane skal bli flinkare til å spare og bruke andre energikjelder.

- Eg meiner regionen bør gjere ein skikkeleg innsats for å bruke elkrafta til det ho må brukast til og finne andre energikjelder til oppvarming. Vi brukar 4 TWh til oppvarming i Midt-Noreg, mykje av det kunne vore dekt av bioenergi og andre varmekjelder, seier statssekretær Guri Størvold.