NRK Meny
Normal

Har kledd seg for regn i dag etter langvarig tørrver

Pappa leitte fram dei gule regnkleda til syskena Henriette (4) og Christian Brudevold-Vassend (7) i Ålesund søndag. Det kan vere lurt. Etter ein uvanleg tørr haust, er det no meldt regn dei neste dagane.

Henriette og Christian Brudevold-Vassend

Henriette (4) og Christian Brudevold-Vassend (7) fekk prøvd regndressane sine då dei besøkte besteforeldra i Ålesund denne helga.

Foto: Synnøve Hole

Med knallgule regnklede frå topp til tå lyste syskena Henriette (4) og Christian Brudevold-Vassend (7) opp i Byparken i Ålesund søndag. Familien er på besøk hos mormor og bestefar i helga, og trudde det kunne bli regnfullt.

– Det er greitt for oss, då, vi har tatt på oss kle for regn, seier pappa Sjur Vassend.

Regn dei neste dagane

Kristin Seter

Vakthavande meteorolog Kristin Seter seier det blir mest regn måndag.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

Og alt tyder på at det er fleire som kan hente fram regnkleda og paraplyane dei neste dagane. Søndag formiddag begynte det så smått å regne i Møre og Romsdal.

Ifølgje vêrvarslinga er det meldt søraust liten kuling utsette stader, minkande til bris av skiftande retning. Skya, periodar med regn, vesentleg på Sunnmøre. Snø over 700–1000 meter. Også dei neste dagane er det regn i lufta.

– Det er ikkje venta så veldig mykje i dag, men ein del meir måndag, då vil det nok regne jamt og trutt mesteparten av dagen, seier vakthavande meteorolog Kristin Seter ved Vervarslinga på Vestlandet.

Ho seier at det også blir ein del vind særleg måndag og at det deretter blir noko meir opphald utover veka.

Uvanleg tørr haust

Det har vore ein uvanleg tørr haust i Møre og Romsdal. Denne helga blei eit brannsløkkingshelikopter stasjonert på Værnes, for å vere i beredskap dersom det skulle begynne å brenne. Det har aldri skjedd før på våre kantar så seint i november.

Også i vår var det uvanleg tørt langs store delar av kysten, og det blei innført bålforbod.

Høyrt rykte om det fine vêret

Familien Brudevold-Vassend bur vanlegvis i Bærums Verk i Akershus, men er denne helga i Ålesund for å besøkje familien til mor i huset. Sjur Vassend seier han har høyrt rykte om at det har vore uvanleg fint ver i området denne hausten.

– Ja, eg har høyrt folk har sagt det, og i går var vi jo også her, og då var det sol, seier han. På spørsmål om det ikkje hadde vore betre å unngå regnet som no kjem, svarar han kontant:

– Jau, alt er jo finare i sol, seier han.

Henriette og Christian Brudevold-Vassend

Christian (7) og Henriette Christian Brudevold-Vassend (4) i Byparken i Ålesund søndag. Pappa Sjur Vassend lagar stor fart i duskregnet.

Foto: Synnøve Hole