Hopp til innhold

Skiforbundet: – Har is i magen enn så lenge

I fjor måtte heile prøve-NM i Molde avlysast på grunn av dårleg vêr og snømangel. Under éin månad før det verkelege NM har arrangør og Skiforbundet is i magen trass i snømangel.

Terje Lund

Arrangementsansvarleg i Skiforbundet, Terje Lund, er klar på at ein ikkje treng reserveanlegg så lenge nok snøkanonar er i orden.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– No har eg vore i denne bransjen relativt lenge og heldt på med arrangement som har mangla snø i mange år. Stort sett greier vi å kome i mål. Det gjorde vi også i Molde i 2003, seier Terje Lund.

Han er arrangementsansvarleg i Skiforbundet, og er klar på berre litt meir kulde er nok til å produsere store mengder snø – raskt.

Likevel: Forbundet har tatt ein kalkulert risiko ved å sende NM til Molde og Vestlandet.

– Vêrmessig tryggleik er noko vi tek med når vi gjer innstillingar om NM kvart år. Ved tildelinga til Molde ligg der ei forståing frå vår side om at der er ein viss risiko over dette arrangementet, fortel Lund til NRK.

Mildvêret dei siste vekene har tæra på det vesle av snø som ligg på Skaret i Molde. Solen som har blitt lagt på skistadion er derimot intakt.

Snøkanon på Skaret i Molde

Arrangøren i Molde treng tre minusgrader før desse kanonane kan produsere snø for fullt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ser lyst på situasjonen

På Skaret er løypesjef Audun Nerland optimist før ski-NM – som startar 15. januar.

– Optimist er eg, ja. Det ser litt betre ut med vêret framover, då det er meldt om kaldare vêr, seier Nerland til NRK.

– Får vi tre minus eller kaldare blir kanonane starta, legg han til.

Enn så lenge stikk det litt steinar og anna opp mellom snøen, men solen er knallhard – slår Nerland fast.

– No er den knallhard. Eg vil seie at Skiforbundet har is i magen medan vi har is i traseen, flirer løypesjefen.

Saka held fram under bildet.

Audun Nerland

Løypeansvarleg Audun Nerland er stor optimist før ski-NM som startar 15. januar.

Foto: Gunnar Sandvik

Ingen reservestadion

Trass i den leie avlysinga av prøve-NM i år, er der inga reserveløysing planlagt før NM i 2014. Det er heilt greitt ifølgje Lund i Skiforbundet.

– Regelverket vårt seier at dersom snøproduksjons-kapasiteten er god nok, så kan ein fråvike regelen om reservearena. Arrangøren har skaffa slikt utstyr og då krev vi ikkje reservearena.

Lund fortel vidare at ein reservearena vere ein stad der NRK raskt kan stille i stand TV-produksjon.

– Så skal det vere eit reelt alternativ må det vere ein stad med TV-sende skirenn dei siste åra. Men eg trur ikkje vi skal tenkje slik, det er over 15 år sidan vi måtte avlyse del éin av NM. Vi skal finne ei løysing om vi mot von ikkje skal få produsert snø i Molde, seier ein roleg arrangementsansvarleg.

– Du er ikkje litt meir nervøs for årets ski-NM enn tidlegare?

– Eg søv framleis roleg, men vi vil sjølvsagt ha fortløpande dialog med arrangøren på vekentleg og dagleg basis framover. Inntil vidare har vi både godt håp og tru om at vêret vil snu slik at snøproduksjonen kjem i gang, slår Lund fast.

– Kan ikkje berre ha NM i innlandet

Om alt skulle gå på verst tenkjeleg vis må Skiforbundet sjølvsagt vurdere andre alternativ, men den risikoen lever Lund fint med.

– Det er svært viktig for oss å sørge for at noregsmeisterskapen kjem rundtom i heile Noreg. Då blir det av og til at ein endar opp på stadar med større risiko enn andre.

– Vi kan ikkje berre ha NM i innlandet langs Mjøsa, då blir det ikkje noregsmeisterskap i sin rette forstand over tid, avsluttar Lund.

Enn så lenge har altså både arrangør og Skiforbundet is i magen. Så får fingrane kryssast for kaldvêr og snø før NM-start 15. januar.

Splitter nye snøkanoner er no klare til bruk for å hindre at ski-NM på Skaret i januar skal bli øydelagt av snømangel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL