NRK Meny
Normal

Har ingen planar om å bli større

Verdas beste ost kjem frå Tingvoll. Men produsenten bak «Kraftkar» trur dei må skuffe gourmetrestaurantane som allereie har tatt kontakt for å bestille osten.

Styreleder i Tingvollost, Gunnar Waagen

Styreleiar i Tingvollost, Gunnar Waagen, under VM i ost i San Sebastián i Spania.

Foto: Privat / NTB scanpix

I ei lita kommune på Nordmøre, med i overkant av 3100 innbyggarar, blir verdas beste ost produsert. Onsdag kveld danka Tingvollost ut alle konkurrentane under VM i ost i San Sebastián i Spania med blåmuggosten «Kraftkar».

Kristin Waagen

Kristin Waagen har ingen planar om å utvide produksjonen av «Kraftkar».

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Torsdag vann dei sin andre pris under årets World Cheese Awards. Alle dei 29 World Champion-ostane gjennom historia, blei vurdert opp mot kvarandre, og også denne vant «Kraftkar», noko som gjer den til den beste osten i den 29-årige historia til World Cheese Awards.

– Det gjekk betre enn eg hadde turt å håpe på. Det er heilt surrealistisk, seier Kristin Waagen, ostebonde ved Tingvollost.

Travelt i butikken

I etterkant har gratulasjonane hagla inn til den 13 år gamle familiebedrifta på Tingvoll. Men på bakrommet i fabrikken jobbar dei tilsette som normalt. For sjølv om osteeliten meiner at familien lagar verdas beste ost, så var dei sjølv ikkje heilt fornøgde med den «Kraftkar»-osten dei sende til Spania.

Morten Rørdam

Morten Rørdam hadde tatt turen til Tingvollost sitt gardsutsal for å sikre seg ein bit av «Kraftkar».

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Nei. Men det er jo slik at vi har danna oss ei oppfatning av korleis den perfekte «Kraftkar» skal smake, og då hadde det vore litt kjedeleg om vi kom dit og ikkje hadde noko å jobbe vidare mot, seier Waagen med eit smil.

På gardsutsalet til Tingvollost var talet på kundar uvanleg høgt torsdag formiddag.

– Ja, eg må jo hamstre. Dei kjem til å bli utselt, seier Morten Rørdam. Han hadde tatt turen innom for å sikre seg den populære blåmuggosten.

Vil ikkje bli større

Trass i stor interessa frå innland og utland det siste døgnet, må familiebedrifta skuffe alle gourmetrestaurantane som no ønskjer å få verdas beste ost på menyen.

Tingvollost

Dagleg leiar ved Tingvollost måtte skuffe alle som ringde for å få tak i «Kraftkar»-osten i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

For all osten som Tingvollost produserer, har allereie kjøparar, og bedrifta har ingen planar om å bli større enn dei er i dag.

– Målet vårt er å ha det utruleg kjekt på jobb kvar dag. Per i dag føler eg at eg har verdas beste jobb, og eg trur ikkje eg får det betre av at vi blir dobbel så store, seier Waagen.

– Det handlar om at vi skal overleve og samtidig ha det fint, held ho fram.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold