Hopp til innhold

Har ikkje vedgått straffskuld

Ein mann i 30-åra har ifølge politiet vedgått å ha sett fyr på Ørsta kyrkje i slutten av april. Fleire skal ha sett mannen tenne på, og kyrkja fekk skadar både i inngangspartiet og røyk- og sotskadar innvending. Mannen er førebels sikta for grovt skadeverk, men forsvarar Erling Flisnes seier det er for tidleg å seie om mannen vedgår straffskuld. Mannen var varetektsfengsla i to veker på grunn av gjentagingsfare, men sett fri i midten av mai.