NRK Meny
Normal

Har ikkje råd til å bygge småkraftverk

Kraft for 75 millionar kroner går tapt kvart år fordi konsesjonar for småkraftverk I Møre og Romsdal ikkje blir tatt i bruk.

Vågen Kraft på Bjørke

Vågen Kraft på Bjørke er eit av småkraftverka som har blitt realisert. 38 prosjekt i Møre og Romsdal har fått godkjenning, men er ikkje sett i gong.

Foto: Trond Ryslett

Det er berre få år sidan grunneigarane såg på fossane og elvane sine som flytande gull. Mange ville bygge småkraftverk for å tene pengar. I dag står 38 småkraftverk i Møre og Romsdal ubygde. Grunneigarane har fått konsesjon, men dystre marknadsutsikter og høge kostnader gjer at dei ikkje tør å bygge.

Knut Olav Tveit

Knut Olav Tveit seier at folk ikkje kan bygge småkraftverk dersom prosjekta er ulønsame.

Foto: Privat

Ulønsamt

Dagleg leiar i Småkraftforeininga, Knut Olav Tveit, seier at situasjonen er vanskeleg for mange.

– Folk kan ikkje bygge dersom prosjekta ikkje er lønsame, seier Tveit.

Han viser til at det har blitt dyrt å bygge og styresmaktene stiller stadig strengare krav til utbyggingane. Også det at småkraftprodusentane må betale store beløp til lokale elverka for å levere straum, gjer at lønsemda går ned.

Bør starte snart

Det hastar å kome i gang med utbygginga for dei som har fått klarsignal. Det felles norsk-svenske sertifikatmarknaden stenger i 2020. Etter det vil inntektene til kraftverka gå endå meir ned.

– Ein bør starte bygginga i løpet av eit par år, elles får ikkje bygt i uoverskueleg framtid, seier Tveit. Han meiner einaste løysinga er å få same rammevilkår som svenskane har.

LES OGSÅ: