Hopp til innhold

Har ikkje pengar til straumrekninga

Tidleg kulde gir ekstra dyr julemånad for mange. Foreininga Fattignorge meiner at auka bustønad ikkje vil hjelpe i tide.

Georg Rønning i organisasjonen Fattignorge.
Foto: Runa Engen / NRK

Dei som ikkje har råd til å betale straumrekninga treng andre tiltak enn auka bustønad.

Det mener foreininga Fattignorge.

I spørjetimen i dag sa finansministeren at regjeringa vurderer å auke bustønaden for dei som ikkje klarer å betale straumrekninga si.

- Gud hjelpe, kva skal eg gjere?

Grethe frå Ålesund rakk såvidt å betale før straumen vart stengd i dag.

- Eg fekk beskjed om at dersom straumrekninga ikkje er betalt i tide, vert straumen stengd. Då tenkte eg "Gud hjelpe, kva skal eg gjere?"

Du kan høyre meir om Grethe her:

Den ekstreme kulden gjorde straumrekninga for dyr, og ho greidde ikkje å betale ho i tide.

Det er ein velkjend situasjon for Georg Rønning i organisasjonen Fattignorge.

- Vi snakkar om tusenvis av menneske som har det slik. Eg vil kanskje tru at ein kan gå så langt som å seie at det er snakk om 100 000 menneske. Det å ha lite pengar er forbunde med skam. Noko av problemet er at dei ikkje står fram og ber om hjelp.

- Dei ønskjer jula går fort over

I dagens spørjetime på Stortinget kom spørsmålet om å fjerne straumavgifta for å hjelpe dei som har minst. Det vil ikkje regjeringa gå med på, men finansminister Sigbjørn Johnsen seier dei vurderer andre tiltak.

- Bustønaden vil kunne brukast dersom mange får problem med straumrekninga, seier Johnsen.

- Eg tvilar på at desse pengane vil kome så fort at dei som frys i dag får noko hjelp når dei treng det, seier Georg Rønning i Fattignorge.

- Dette er også i den tida der vi har veldig mange som ringer frå heile landet og seier at dei skulle ønskje dei ikkje skulle ha jul og ønskjer at ho går over fort.

Og Grethe har allereie byrja å bekymre seg for neste rekning.

- Eg gruer meg til neste rekning. Den vert sikkert endå høgare.